Halvåret frå pinse til jol kallast treeiningstida i kyrkja. I denne tida ynskjer me å trengje dypare inn i kva det vil seie å tru på den treeinige Gud: Gud, faren vår, Jesus, frelsaren vår og Den Heilage Ande, livgivaren vår.
Frelse er eit ord som brukast stadig mindre i dagligtalen, men det tyder å bli redda, bli fri fra noko som binder eller truer oss. Verda er full av gode og vakre ting, og det aller vakraste er kjærleiken. Men me menneske har ein tendens til å øydelegge for oss sjølv og andre. Gud gav sonen sin, Jesus Kristus, til jorda. Jesus levde eit menneskeliv med alt det det inneber. Han var den fullkomment kjærlege igjennom alt, men livet hans såg ut til å ende med fiasko då han døydde ein audmjukande død på krossen. Men etter tre dagar stod han opp att frå dei døde.
Gjennom å tru på han kan vi menneske bli frelst frå alt det som øydelegg, og ta imot nytt liv fylt av hans overveldande godhet og kjærleik.
Ha ei god treeiningstid!