Ny gospelhelg i Herøy kyrkje 20. - 22. mars

Alle er velkomne til å bli med i koret helga 20.-22. mars med avsluttande Gospelmesse kl. 11.00 i Herøy kyrkje! Har du ikkje har sunge i kor før, er det inga hindring. Bli med og opplev korsong, fellesskap, gåsehud, tårer og glede i løpet av fredag til søndag!

Publisert:

Ny gospelhelg i Herøy kyrkje 20. - 22. mars

Vi har fått med oss ein av Norges mest brukte og erfarne korleiarar — Leif Ingvald Skaug. Han har dirigert kor i 35 år, og dei siste ti åra har han bygd opp Gospel Explosion til å bli eit av dei største korprosjekta for vaksne med over 3000 songarar. Han leier fem faste kor, i Oslo, Bergen, Indre Østfold og Trondheim.

Påskechurch/Gospelmessa blir kjende gospelsongar, nokre nyskrivne og fleire gode gospelsongar.

Denne helga er helga før palmehelga, så vi peikar fram mot påske også i gospelmessa.

Det er ingen grunn til å «sitje heime» denne helga.

…du får tilgang på ein øvingsapp, slik at du kan lære deg mange av songane og tekstene før vi sjåast 20. mars!

Meld deg på hos Gospel Explosion!

Ta med deg vener og kjende og kom til Herøy 20.-22. mars 2026!


Program for helga (omtrentleg)

Fredag 20. mars
Kl. 19.00-21.15 Øving

Laurdag 21. mars
Kl. 10.00-12.00 Øving
Kl. 12.00 Matpakkelunsj
Kl. 13.00-17.00 Framhald øving

Søndag 22. mars
Kl. 11.00 Gospelmesse

Kontaktinformasjon for Herøy kyrkjelege fellesråd

Herøy kyrkjekontor

Herøy kyrkje
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg

 

Opningstider

1. september – 31. mai
Måndag stengt
Tysdag kl. 11.00-15.00
Onsdag, torsdag og fredag kl. 9.00-15.00

1. juni – 31. august
Måndag stengt
Tysdag – torsdag kl. 9.00-15.00
Fredag stengt

Kontakt

Telefon 70 08 02 60  |  418 60 780
Epost kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no
Tilsette

Vil du varsle?

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"