Møtepunkt på sjukeheim & bu- og omsorgssenter

Presten er innom dei ulike instutuisjonane i kommuene i fast ryttme

Publisert:

Møtepunkt på sjukeheim & bu- og omsorgssenter

Ein onsdag i månaden tek sokneprest Håkon Kinsarvik turen rundt til Brekke, Dalsøyra og Eivindvik bu- og omsorgssenter, samt til Gulen sjukeheim. Desse dagane er blitt gode møtestader, der kvardagen får eit lite avbrot og rom for både alvor og glede.

På samlingane blir det halde andakt med song, ord frå Bibelen og bønn. For dei som ønskjer det, er det mogleg å ta imot nattverd på nokon av samlingane. Det viktigaste er likevel fellesskapet – å kunne møtast, lytte, dele og vere saman. Soknepresten er alltid open for ein prat, anten det handlar om trua, livet eller heilt kvardagslege ting.

 Ein tysdag i månaden held sokneprest i Solund, Bjørn Magne Hansen, andakt på eldretunet på Byrknes. Då får både bebuarar og pårørande eit kjærkome pusterom midt i veka, med ord til trøyst og styrke. Etter andakta er det alltid sosialt samvær med basar og mat.

Innimellom er konfirmantane med og bidreg. Dette set eit friskt preg på samlingane, og skaper ei god bru mellom generasjonane. Ved fleire høve har også sanitetsforeininga vore med, noko som gjer samlingane ekstra trivelege og minner oss om det store frivillige engasjementet i bygdene våre.

Ønskjer du ein personleg samtale, er du velkomen til å ta direkte kontakt med sokneprest Håkon Kinsarvik på telefon 976 44 169.

 

Andaktsliste institusjoner i Gulen

Sjukeheimen:

  • 21.januar kl.12.00
  • 18.februar kl.12.00
  • 18.mars kl.12.00
  • 15.april kl.12.00
  • 20.mai kl 12.00
  • 17.juni kl 12.00 

Eivindvik bu- og omsorgssenter

  • 21.januar kl 16.00
  • 18.februar kl 16.00
  • 18.mars kl.16.00
  • 15.april kl 16.00
  • 20.mai kl 11.00

Dalsøyra bu- og omsorgssenter

  • 27.januar kl.11.00
  • 25.februar kl 16.00
  • 25.mars kl 11.00
  • 29.april kl 16.00
  • 27.mai kl 11.00

Brekke bu- og omsorgssenter

  • 27.januar kl 16.00
  • 25.februar Kl.11.00
  • 25.mars kl.16.00
  • 29.april kl 11.00
  • 27.mai kl 16.00

Byrknes bu- og omsorgssenter kl 15.30 

  • 27.januar 
  • 24.februar
  • 31.mars Påskegudsteneste med nattverd
  • 28.april
  • 26.mai

 

 

 

 

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"