Påskehelsing frå kyrkjeverjen

Nattemørket hang over Jerusalem medan Jesus blei skubba avgårde av tungt væpna soldatar.

Publisert:

Påskehelsing frå kyrkjeverjen

Plutseleg stod det klart føre for Judas kva han hadde gjort. Sølvpengane brann i lomma og han kasta myntane på golvet. «Ta pengane, set Jesus fri». Iskald latter runga mellom dei steinete veggane med beskjed om «takk for hjelpa, men no trengs ikkje du lenger».

I same midnattstimane sat Peter ved eit bål. Han hadde følgt etter Jesus og med hetta godt nedover andletet, følte han seg trygg ved bålet som gav etterlengta varme.

Ei kvinne meinte Peter var ein av Jesus sine vennar. Peter nekta hardt, pulsen steig og han kraup saman og laga seg so liten som han kunne. «Jau, han var heilt klart sett saman med Jesus ved fleire høve». Det hadde ikkje hjulpe å lage seg liten, so Peter gjorde seg større, retta opp ryggen, stirra dei direkte i augene og nekta på å kjenne «han derre Jesus-fyren». Heldigvis gav dei seg og varmen frå bålet gav mørke skuggar som skjulte andletet. Men i den stille gnistringa frå bålet kom det igjen: «Du er bestevennen til Jesus!». I ei trykkande frykt, kasta Peter av seg hovudplagget: «eg har aldri møtt Jesus frå Nasaret!!». Før han rakk å trekke pusten, gol det ein hane i det fjerne. Jesus sine ord om at Peter skulle svikte, blei oppfylt.

Har du opplevd det? At hjartet føles sprengt i so mange bitar at du slit med pusten og verda rundt deg forsvinn? At mørket blir mektigast?

Slik var det for Judas og Peter denne natt til Langfredag. Det var som om svarte, tunge steinar la seg på hjartet. Dei hadde svikta han som hadde gitt dei alt.

To val blei tekne:

Judas, som ikkje såg vegen vidare. Sviket, som han trudde ingen kunne tilgi.

Peter, som klamra seg til eit lite glimt av håp og våga å tru at Jesus kunne tilgi, også han.

Påska lærer oss at håpet ikkje spring ut av vår eigen styrke, men av Guds nåde. Vi trur på ein Gud som kjenner menneskeleg smerte innanfrå, og som reiser oss når vi fell.

Difor kan også vi velje Håpet.
Velje Guds Nåde framfor vårt eige mørke.
Velje å tru at det finst ei framtid, også når vi ikkje ser henne.

Velsigna påske!

 

Katrine Ruth Overå
Kyrkjeverje/dagleg leiar
Giske kyrkjelege fellesråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"