Tida med lilla og tenning av fire adventslys. Tida der vi skal vente på sjølvaste jolaftan. Eg saknar den og er kanskje mest av alt redd. Redd for at jula blir avkristna sjølv i heimane som vil ha Jesus i hjartet sitt. Går vi rett frå halloween til jul? Vil vi det? Er vi med på det? Går vi rett i fella? Eller overdriv eg no? Eg slår eit slag for advent.
Eg trur dei fleste av oss ser behovet for å stoppe opp. Psykologien fortel oss at det beste vi kan utsette både kroppen og hjernen vår for, er å kjede oss. Rett og slett god gammaldags «kjedetid» er som medisin i eit hektisk samfunn. Mental kvile reduserar stress og stimulerer til kreativitet fordi hjerna vår får rom til å vandre. Det styrkar indre motivasjon fordi vi ikkje berre følger ytre stimuli, men kan oppfatte det som faktisk interesserar oss. Kjedetid fremjar refleksjon. Når vi ikkje er opptekne, får vi tid til å tenkje over eigne mål, verdiar og erfaringar.
Er ikkje advent fantastisk?
Fargen lilla brukar vi symbolsk to gonger i året – i fastetida før påske og i adventstida før jul. Lilla tyder å vente og å førebu, men står også for å snu seg vekk frå det som er feil og vende seg mot Gud, både i tankar og handlingar. Det handlar om bot og omvending.
Lilla er kombinasjonen av raud og blå. Det blåe er himmel og håp og det raude er kjærleik og blod. Saman peikar desse på håpet om Himmelen og det Jesus gjorde for oss i påska.
Fargen lilla har vore brukt sidan mellomalderen for tider til refleksjon og bot. Eg slår derfor eit slag for den vakre adventstida, at vi ber vidare tradisjonen. Advent er ikkje berre venting, men ei aktiv førebuing til jul, både praktisk og åndeleg. Rydd plass i hjartet, for no skal vi feire noko mykje større enn oss sjølve!
Og so, den vakraste av dei alle; Barnelatter og julesalmar er dei to tinga som går heilt utan filter inn i hjartet mitt. Jula er ei spesiell tid på året.
Når livet blir tøft og einsemda omsluttar meg, er eg ikkje åleine. Eg kan vite at Lyset ber meg, sjølv når eg ikkje føler det. Eg slepp å finne ut av livet åleine, for Gud er med.
I mitt eige mørke grip eg etter noko handfast og minner meg om at 365 gongar står det i Bibelen: «Ver ikkje redde» eller «Frykt ikkje».
Jesus kom som liten, menneske og sårbar, for å vere nær oss. Og når mørket lettar i mitt indre, jublar eg:
Fred over jorden, menneske fryd deg. Oss er ein evig Frelser født!
Kyrkjeverje i Giske
Katrine Ruth Overå desember 2025
