Invitasjon til Giske kyrkje tirsdag 6. mai kl 14.00.

Kunsthandverkar Lara Domeneghetti har i samarbeid med kyrkja laga ein replika av Kristus frå korsfestingsgruppa i Giske kyrkje. Kunstverket skal tirsdag 6. mai overrekkast til Biskop Ingeborg Midttømme som ein del av eit kulturelt og kunstnarisk samarbeid mellom kyrkja og kunstnaren.

Korsfestingsgruppa i Giske kyrkje

Gruppa heng i Giske kyrkje som er omlag frå år 1130 og i dagleg bruk. Kristusfiguren er laga i miniatyr og skjært ut med alle anatomiske detaljar, slik som originalen truleg var, også med armar og føter. Originalen er 131 cm høg, miniatyren er 20-30 cm høg.

Giske kyrkje er ei historisk perle som har høg internasjonal interesseverdi. Kunsten i kyrkja har sitt særpreg frå fleire epoker og i denne omgong reiser til tilbake til 1200-talet.

Vi håpar å få deg med på å sette fokus på vidareføring av tradisjonshandverk og korleis dette påverkar oss historisk, noverande og framtidsretta.

Tirsdag 6. mai klokka 14 er alle velkomne i Giske kyrkje for å delta på denne historiske hendinga som vi tenker har regional og nasjonal interesse.

 Vi har enkel servering og kaffi. Det er gratis og opent for alle.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"