Konfirmasjon

Hovedbilde for tema

KONFIRMASJON

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du mulighet til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv.

 

KONFIRMASJONSTIDSPUNKT

Dette er likt kvart år;

Vigra har siste helga i april

Giske og Valderøy har første helga i mai (om 1. mai er søndag, er 30. april og 1. mai konfirmasjonshelga)

Godøy har andre helga i mai

 

UTLEIGE AV VALDERØY KYRKJEKJELLAR

Ønsker de å leige kyrkjekjellaren til konfirmasjonsselskap, må de sende inn søknad til kyrkjekontoret innan 15. juni året før konfirmasjonen. Etter dette blir det trekning mellom dei som har sendt inn ønsker, og de får beskjed om kven som får leige med ein gong dette er gjort . 

 

INFORMASJONSMØTE for aktuelle konfirmantar i Giske kommune med foreldre/føresette:

Eit felles informasjonsmøte i Valderøy kyrkje onsdag 18. juni 2025 kl. 18.00.

NB! Det er viktig at alle konfirmantane kjem, og har med seg ein forelder/foresatt.

 

Første samling for konfirmantane: (Konfirmantane møter på den øya dei bor!)

Vigra kyrkje:         onsdag 10. september 2025   kl. 19.30

Valderøy kyrkje:   torsdag 4. september 2025      kl. 14.00

Godøy kapell:      tirsdag 2. september 2025        kl. 18.00

Giske kyrkje:        onsdag 10. september 2025     kl. 18.00

 

Presentasjonsgudstenester:                                          

Vigra kyrkje:       søndag 14. september 2025  kl. 11.00       

Valderøy kyrkje:  søndag 07. september 2025  kl. 11.00           

Godøy kapell:     søndag 07. september 2025  kl. 11.00           

Giske kyrkje:       søndag 14. september 2025  kl. 13.00           

                                                                               

Det blir eit kort informasjonsmøte rett etter presentasjonsgudstenestene!

                                           

Konfirmasjon 2026:

Vigra  kyrkje:      25. / 26. april 2026  

Giske kyrkje:       2. / 3. mai 2026  

Valderøy kyrkje:  2. / 3. mai 2026  

Godøy kapell:      9. / 10. mai 2026   

 

Påmelding til konfirmasjon

Påmelding skjer digitalt frå 18. juni 2025

Trykk på lenka "Påmelding 2026", så kjem du til Mi kyrkjeside - der kan du logge deg inn og melde på konfirmanten.

Vi håper dei som vil konfirmere seg, er raske med å melde seg på. Etter påmelding vil det meste av informasjon kome gjennom Spond.

 

Leir

Det blir «Bu-Heime-Leir» dette konfirmasjonsåret.

 

Konfirmasjonsavgift

På informasjonsmøtet vil det bli gitt opplysning om kva fakturaen vil lyde på.

 

Med håp om ei fin konfirmasjonstid!

 

Venleg helsing

Gunnhild, Hallvard og Susanne.

 

Prest: Gunnhild Roaldsnes Bremer   tlf: 46 32 03 24,

e-post: gunnhild.anita.bremer@kyrkja.giske.no

Prest: Hallvard Nordstrand    tlf: 91 39 18 05

e-post: hallvard.roald.nordstrand@kyrkja.giske.no

Sekretær: Inger Magelssen Godø  tlf. 90 59 70 55   

e-post:   inger.magelssen.godo@kyrkja.giske.no

Kontakt