Er du ein ungdom mellom 15 og 20 år som kan tenkja deg å arbeida i kyrkja? Då vil me gjerne høyra frå deg. Frå august har me behov for ein ny klokkar og ein ny kyrkjetenar. Dei som vert tilsette, går inn i ein turnus med om lag ei sundagsgudsteneste i månaden. Løn og andre vilkår vert i tråd med KA sin tariffavtale for Den norske kyrkja. For meir informasjon kan du ta kontakt med kyrkjeverje Harald Rydland på tlf. 913 47 802 eller sokneprest Olav J. Oma på tlf. 90638825. Søknad kan sendast på e-post til: kyrkja@fitjar.kommune.no innan 30.06.2025.
Ledig jobb i Fitjar kyrkje - klokkar og kyrkjetenar
I Fitjar kyrkje er det behov for ny klokkar og kyrkjetenar som vil gå inn i ein turnus med om lag ei sundagsgudsteneste i månaden.
Publisert:
