GRAVPLASSVEDTEKTER
FOR FEDJE SOKN
Vedteke av Fedje sokneråd mars 2022
Godkjent av Statsforvaltaren april 2022
FORSKRIFT OM VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I FEDJE KOMMUNE, VESTLAND
Jamfør lov av 7.juni 1996 nr 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravplasslova) §21 (1), §8 (1) og §14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av av 10.januar 1997 nr 16 (gravplassforskrifta).
§ 1 FORVALTNING
Gravplassane i Fedje kommune er underlagt Fedje kyrkjelege fellesråd (sokneråd) sitt administrasjons og myndigheitsområde.
§ 2 DEFINISJONAR
Gravplassmyndigheit: Fedje kyrkjelege fellesråd utøver forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Fedje kommune, jamfør gravplasslova med forskrifter.
Fri grav: Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person med bopel i kommunen og der det ikkje skal betalast festeavgift for den første tida som er definert som fredingstid.
Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Namna minnelund: Felles minnestein med plass til namneplater. Felt med plass til eit gitt antall urner og i nokre få tilfelle kistergraver
Urnegrav: Grav til askeurne med plass til 4 urner, jamfør gravplassforskrifta § 14. (Dette gjeld ikkje namna minnelund - § 11 – der det med urnegrav er meint plass til 1 urne. Urne sett ned i kistegrav er heller ikkje definert som ei urnegrav, men er framleis definert som kistegrav).
Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava i prinsippet kan bli tatt i bruk igjen til ny gravlegging.
Festetid: Tida det er avtalt å festa ei grav for.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale/som har skrive under på eit festeansvar.
§ 3 FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE
Hovudregelen er at besøkande skal ferdast gåande (jamfør gravplassforskrifta § 9).
§ 4 GRAVPLASSTILHØYRING
Personar som har bopel i kommunen kan gravleggjast på den gravplassen i kommunen dei eller den som syter for gravferda ønskjer.
Dei har rett til fri grav så sant grava blir tilvist. Avdøydde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist. Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.
§ 5 FREDINGSTID
Fredingstida for kistegraver er 20 år. Fredingstida for urnegraver er 20 år.
Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver, når det ligg føre særskilte grunnar for dette.
§ 6 FESTE AV GRAV
Når fredingstida er over kan gravstaden festast. Festeperioden er 5 år om gongen. I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.
Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, skal grava normalt slettast. Grava kan likevel festast vidare i bolkar på inntil 5 år på grunnlag av skriftleg søknad til, og etter løyve frå gravplassmyndigheita. Slike festeavtalar kan forlengast inntil grava er 99 år.
Når kistegrav skal takast i bruk er det er det høve til å festa ei grav ved sida av. I særskilte høve, og etter skriftleg søknad til gravplassmyndigheita, er det høve til å festa ei grav til, altså til saman 3 graver. Ei slik dobbeltgrav vert då sett på som ein gravstad og det skal berre stå eitt gravminne på gravstaden.
Ved feste av grav ved sida av kistegrava som vert tatt i bruk, er festetida inntil 20 år. Avgift for denne festetida kan splittast opp i bolkar. Festetida ved reservasjon av dobbelgrav er første gong 10 år.
Seinare kan festetida forlengast i 5 års-bolkar. Gravlegging i festa grav utløyser ikkje rett til fri grav etter gravplasslova § 6 og det kan normalt ikkje krevjast tilbakebetaling av innbetalt festeavgift for avtalt festeperiode.
Innbetalt festeavgift for avsett grav vert med andre ord ikkje refundert, med mindre tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.
Ingen kan bli gravlagt i festa gravstad utan festaren sitt samtykke. Dersom det ikkje er råd å henta inn samtykke frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav, kan gravplassmyndigheita ta avgjerd om gravlegging.
Det vert sendt ut festebrev for kvart grav/gravstad.
Urne sett ned i kistegrav vert rekna som kistegrav.
§ 7 GRAV OG GRAVMINNE
Ved opning av grav kan jordmassar mellombels plasserast på omkring-liggjande graver, og gravminner kan bli flytta. Desse skal tilbakeførast i same stand som før.
Grava vil verte planert og tilsådd ei tid etter gravlegginga. Om blomar og kransar ikkje vert fjerna av pårørande, kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret for å få det ordna.
Gravplassmyndigheita skal godkjenna gravminne før det vert sett opp.
Montering av gravminne kan tidlegast skje 4 mnd. etter gravlegging av kiste, umiddelbart ved urnegrav. Men gravminne må likevel ikkje setjast opp i månader der det er tele i jorda. Gravminnet vert plassert i bakkant av grava. Er det festa dobbelgrav vert gravminnet sentrert mellom gravene ved neste gravlegging.
Oppsetjing av gravminne skal utførast av personar som har godkjenning til å utføra dette arbeidet (sjå §13).
§ 8 PLANTEFELT OG PLANTEMATERIALE
Forutan gravminne er det høve til å opparbeide plantefelt i høgd med bakken framom gravminnet. Plantefeltet må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde men kan i alle tilfelle vera opp til 60cm breidt og ikkje gå lengre fram enn 60 cm frå gravminnet sin bakre kant.
Det er høve til å leggje ned kantstein/planteplate, plata må ikkje vere samanhengande med sokkelen. Lause gravlykter skal fjernast i slåttesesongen, vasar og lykter må ikkje plasserast bak gravminnet eller utanfor plantefelt.
§ 9 STELL AV GRAV
Gravfestar eller ansvarshavande for gravminnet har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert beplanta av den ansvarlege eller festaren, kan tilsåast. Plantane i plantefeltet må ikkje vera så høge at dei skuggar for andre gravminne, dekkar namnet på steinen, går utover plantefeltet eller hindrar arbeidet på gravplassen.
§ 10 BETALT GRAVSTELL
Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjeleg fellesråd og den som får løyve til det etter § 13, kan utføra planting og stell av grav(samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.
§ 11 NAMNA MINNELUND
Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke.
Graver i namna minnelund kan bli festa etter fredingstidas utløp på lik linje med andre graver på gravplassen. Det vil likevel ikkje vere høve til å gravleggja på nytt i grava.
I namna minnelund kan det bli festa ei grav attmed. Ved feste av grav attmed skal det betalast festeavgift frå tidspunktet då den første grava blir tatt i bruk. Ved feste av grav attmed i namna minnelund vil ikkje gravene nødvendigvis kome attmed kvarandre, men namneplatene.
Avgift for bruk av namna minnelund blir betalt frå det tidspunktet grava blir tatt i bruk.
Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles tilplanting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan leggjast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassmyndigheita.
§ 12 BÅREROM
Bårerom vert disponert av kyrkjeleg fellesråd og skal berre nyttast til oppbevaring av døde fram til gravferda. Ingen har tilgang her utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 13 NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivane som ynskjer å driva næringsverksemd på gravplassane på Fedje skal innhenta godkjenning frå gravplassmyndigheita. Godkjenninga kan trekkjast attende dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei lovar og reglar som gjeld. Næringsverksemda kan kun omfatta montering og vedlikehald av gravminne, planting og stell av graver.
§ 14 ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje innanfor normalarbeidstid (07-17), og må ikkje utførast på søn- og heilagdagar, eller på offentlege høgtidsdagar.
§ 15 BROT PÅ VEDTEKTENE
Dersom vedtektene ikkje vert følgde, kan gravplassmyndigheita setje i verk naudsynte tiltak for ansvarleg/festar si rekning.
§ 16 DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE
Gravplassmyndigheita kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravplasslov og gjeldande forskrifter dispensere frå vedtektene i §§ 3 og 14.
§ 17 IVERKSETJING AV GRAVPLASSVEDTEKTENE
Vedtektene trer i kraft frå og med 07.04.2022 og vedtekter (forskrift) av 13.02.2003, vert oppheva med verknad frå og med 07.04.2022.