Bygdatreff med Oddbjørn Rosnes

Det vart ei fin stund då soknerådet inviterte til bygdatreff denne veka. Kyrkjelydssalen var heilt fullsett av interesserte og lyttande folk som hadde tatt turen for å få med seg ei triveleg samling – med både gode historiar, musikk og sosialt fellesskap.

Publisert:

Bygdatreff med Oddbjørn Rosnes

Hovudgjest for dagen var Oddbjørn Rosnes, kjent frå NRK og Avisa Nordhordland. Med smittande humør og klok livserfaring delte han eit mangfald av glimt frå livet sitt – historier som både rørte, inspirerte og fekk forsamlinga til å le. Rosnes har møtt mange menneske gjennom sitt virke, og han har evna til å formidle både varme og innsikt på ein måte som gjer inntrykk.

Rune Minde leia treffet på ein varm og inkluderande måte, og sørgde for at alle kjende seg velkomne. Musikalske innslag stod Lyder Minde Janøy og Jan Foss for. Ein stor takk går også til Svanhild Neteland, som saman med ei flott gruppe frivillige stod for ei smakfull og innbydande lunsj. Den gode maten og det sosiale kaffebordet gav rom for mange gode pratestunder rundt borda.

Bygdatreffet vart eit bevis på kor viktig det er å samlast på tvers av alder og bakgrunn – til gode samtalar, fellesskap og kulturelle opplevingar. Mange uttrykte glede over å få møta naboar og kjente, og fleire såg fram til neste samling.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"