Biskopen har eit omfattande program når ho kjem på visitas i oktober.
Desse arrangementa er opne for alle:
Onsdag 22. okt. kl. 18: Kvilepuls i Lindås kyrkje.
Samtale med biskopen, allsong, musikk og kyrkjekaffi.
Biskop Ragnhild Jepsen vil mellom anna bli intervjua av sokneprest Ole Marton Ølberg og Renate Rebnord Matre om livet som biskop og om korleis eige liv og erfaringar har påverka hennar preste-og biskopgjerning.
Ove Danielsen med band og forsongarar sørger for tonefølge og musikalsk ramme for kvelden.
Søndag 26. okt. kl. 11: Visitasgudsteneste.
Dette blir ei familiegudsteneste m/ nattverd. Barnekoret NONSTOP, SingSingeling/SingOut, Alversund kammerkor og Shelly er med, saman med prestar, prost og biskop.
Etter gudsteneste har biskopen sitt visitasforedrag. Då er det aktivitetar for barna på Kyrkjetorget, Tårnrommet og Ungdomsrommet.
Visitasen vert avslutta med stor kyrkjekaffi på Petersplassen.
I løpet av visitasdagane vil biskopen møte leiinga i kommunen, vere med på felles soknerådsmøte for Lindås og Knarvik sokn og møte elevar på Knarvik ungdomsskule. Ho får også besøke Lyngheisenteret og den lokale avdelinga av NMS Gjenbruk. På fredag kveld vil biskopen møte ungdommane som er med på followme.
Før visitasen er det sendt visitasmelding til biskopen. Dette er ein statusrapport om arbeidet i sokna. Meldinga finn du nedst på sida.