Me treng hjelp til grasklipping, kantklipping og gravstell på kyrkjegardane våre i følgjande periode:
f.o.m. 1. juni – t.o.m. 31. august.
Me har utstyr som du kan nytte, og arbeidet kan du gjere når på dagen du vil. Behovet varierer noko etter været, men inneber arbeid ca. ein gong i veka i vekstsesongen. Du skriv timar du bruker på arbeidet og får betalt etter gjeldande tariff. Det er fullt mogleg å dekke berre ein, eller fleire, av kyrkjegardane gjennom sesongen.
Det er 16-års aldersgrense, grunna framdrift/bruk av motorisert utstyr.
Send søknad på stillingane innan 19. april 2026 til: sh466@kirken.no
Spørsmål? Kontakt kyrkjeverje Silje Hammerstad på mob. 902 42 171
Håpar du vil søke!
