Viktige skjema

Desse skjema treng dykk å fylle ut på førehand

Publisert:

1) Innmeldingsskjema til kyrkjekontoret

2) Prøvingsattest til Skatteetaten inkludert forlovarerklæring (Klikk på linken)

På kort tid får de behandla ekteskapsprøvinga digitalt.

Ver ute i god tid. Behandlingstida kan vera inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfylgjing. Men ikkje fyll ut skjemaet meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er berre gyldig i fire månader, fordi opplysningane dykk oppgir må vera nye.

Begge komande ektefellar må fylla ut kvar sin eigenerklæring, og forlovarane fyller ut forlovarerklæring. Nokon må fylla ut litt meir: Har du til dømes vore gift før, vil det i nokre tilfelle vera behov for å legga ved ei erklæring om skifte. Ynskjer du du å endra namn, må du fylla ut ei melding om endring av namn. Alt kan fyllast ut digitalt via Nettsidene til skatteetaten.

Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logga dykk inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifta dykk. Prøvingsattesten kan de velja om de vil senda vidare frå Altinn i ein e-post til vigslar, eller skriva ut og ta med ein kopi av. Gratulerer! No er de klare for å inngå ekteskap!

Tidlegare ekteskap

Dersom ein av partane har vore gift tidlegare, og folkeregisteret ikkje har registeret skilsmisse eller dødsfall, må personen legga fram bevis for at ekteskapet er opphøyrt. Utanlandsk skilsmisseløyving eller dom må først godkjennast av fylkesmannen. Han/ho som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet opphøyrde, må i visse tilfelle ha fråsegn frå tidlegare ektefelle om status i skiftet.

Utanlandske statsborgarar
Ein utanlandsk statsborgar som ikkje er fast busett i Noreg må leggja fram attest frå offentlege styresmakter i heimlandet som stadfestar at det ikkje er noko til hinder for at det blir inngått ekteskap. I tillegg er det nødvendig med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, opphaldsløyve eller busetjingsløyve.

Ønsker de meir informasjon om kva som blir kravde for å gifta seg, sjå nettsidene til Skatteetaten.

  • Dersom de ikkje nyttar innloggingsløysninga:
    Frå det statlege blankettarkivet kan de framleis lasta ned skjema for prøving av ekteskapsvilkår og forlovarane kan laste ned forlovarerklæring, og senda dei i posten til skattekontoret der de er busette. De finn informasjon om å fylle ut søknad og attest på papir hjå Skatteetaten 

3) Song og musikkynskje til organisten må sendast til Rasim Ramazanov, rasim.ramazanov@lom.kommune.no seinast 1 månad før vigselen. Gå til menypunktet Planlegging for å lese om kva dykk må førebu.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"