Nedanfor finn dykk ordning for vigsel i Den norske kyrkja. Der kan dykk studere gangen i kyrkjesermonien i detalj, og sjå kva slags val ein kan ta. Her finn ein også forslag til tekstlesingar frå Bibelen.
Innslag som kjem som tillegg til liturgien, kan plasserast etter ledd 9. Forbønn. Der namna skal nemnast, kan ein bruka fullt namn eller førenamn, etter kva som er naturleg i det enkelte tilfellet. Under ledd 7. Ekteskapsinngåing skal det brukast fullt namn.
Kyrkjemøtet vedtok 30. januar 2017 ein ny vigselsliturgi som ønsker likekjønna par velkomne til å gifte seg i Den norske kyrkja. Denne liturgien kan brukast av alle.
Det er to liturgiar for vigsel i Den norske kyrkja, vedteke i 2003 og 2017. Sjå nedanfor.