I Lom ynskjer vil at vigslane skal gå føre seg på enklast mogleg måte, med fokus på sjølve vigselshandlinga. Men på nokre område har bryllupsparet moglegheit til å velja. Difor bør prest og organist involverast i god tid.
Kontakt med presten/vigselssamtale
Før vigselen har presten ei samtale med dykk. Denne skal som hovudregel leggjast til normal arbeidstid dersom presten er lokalt tilknytt, dvs. i vekedagane før vigselen. De øver på seremonien og får ei orientering kring det praktiske. Forlovarar, den som fører inn brura, og evt. andre aktørar kan, om de ynskjer det, vere med på øvinga. Ynskjer dykk å nytte eigen prest som ikkje høyrer til i Nord-Gudbrandsdal prosti, skal denne godkjennast av presten som er tilsett her.
Musikk
Lokal organist stiller seg til disposisjon for øving innanfor maks to timar før seremonien/ på same dag som seremonien. Dersom dykk ynskjer at organisten skal tilby noko anna utanfor repertoaret, og han godkjenner forslaget, blir det fakturert eit tillegg etter 100% overtid for organist. Salmebøker kan fint nyttast, men nokre ynskjer å trykkje eigne program for vigselen. Dette er ikkje noko vi på kyrkjekontoret gjer for dykk. Salmar og eventuelle musikkinnslag MÅ informerast og godkjennast av både presten og organisten FØR dykk trykker programmet.
Kyrkja har ikkje AV-utstyr til disposisjon, berre innlagt straum/stikkontakt. Ver merksam på at straumen i kyrkja manglar jording slik at lydkvaliteten ikkje er av maksimal kvalitet men likevel "god nok". Montering av dette må skje i same tidsrom som evt. øving med organist skjer. Bortrydding må skje snarast etter at vigselen er over.
Pynting
Om dykk ynskjer det, kan det pyntast i kyrkja ved å henge pynt på enden av benkeradene og/eller ved inngangsdøra til kyrkja. Det kan ikkje stå noko på golvet inne i kyrkja, da dette er evakueringsvegar ved naudsituasjonar. Det er ikkje lov å pynte med levande ljos!
Skriftlesing
Det er fint om forlovarar eller andre ynskjer å delta under vigslelen med skriftlesingar. Tekstene til skriftlesingane finn de på nettsidene til Den norske kirke under tema Livets gang.
Kort oppsummert skal øving med organist, pynting, og montering av AV-utstyr skje innanfor maks 2 timar før seremonien, på seremonidagen.
Inngang
Brura/brureparet stiller seg klar i kyrkjeporten slik at kyrkjetenaren kan sjå henne/dei frå tårnet. Når kyrkjetenaren startar ringing med klokkene, går brura/brureparet frå porten og inn i våpenhuset og stiller seg framfor døra inn til kyrkja. Når klokkene stoppar å kime, startar organisten inngangsmarsjen og dykk må sjølv opne døra og gå inn. Avtal med ein gjest om å lata att døra.