Informasjon om vigsel i kyrkjene i Lom kommune
Tilbod om vigsel i Lom
Her i kyrkjene i Lom ynskjer vi at vigslane skal vera så enkle som råd, da vi ikkje har same kapasitet som dei større kyrkjesokna har. Det er den kyrkjelege handlinga som skal stå i fokus i kyrkja denne dagen.
Dette er korleis vi organiserer vigsel i kyrkjene våre:
Datoar for vigsel vert lagt ut ca april året før, på nettside, facebook og i kyrkjeblad nr. 1. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å høyre om datoen dykk har tenkt er ledig. Fram til 1. oktober vil datoane vera reserverte for brurepar med bustadsadresse her i Lom, og for par med tilknyting. (Føresette med bustadsadresse i Lom)
Har vi ledige tidspunkt etter denne datoen, vil vi opne for brurepar utan tilknytning til Lom.
Vi ynskjer å nytte tidspunkta 11:00, 13:00 og 15:00 for vigsel. MEN tidspunkta kan verte endra grunna tilgang til prest. Om dette vert endra, skjer dette omtrent rundt nyttår.
Ledige datoar for vigsel i kyrkene i Lom |
2026 |
| Dato | Tidspunkt |
| 16.mai | 11-13-15 |
| 30.mai -Kun i Garmo | 15 |
| 23. mai - Kun i Lom | 15 |
| 6. juni- Kun i Bøverdalen | 15 |
| 20. juni | 11-15 |
| 27. juni | 11-13-15 |
| 4. juli | 11-13-15 |
| 1. august | 11-13-15 |
| 12.september | 11-13-15 |
Pris
Gratis for brurepar der ein/begge partar har folkeregistrert adresse i Lom kommune, eller minst ein/begge foreldre har folkeregistrert adresse i Lom kommune.
- Vigsel for utansokns som ikkje oppfyller vilkåra ovanfor: Nok. 5000,-
- Vigsel på dagar med heilagdagsgodtgjersle: Nok. 7000,-
- Inkluderer organist inntil 4 timar inkl. øving og kyrkjetenar inntil 3 timar.
- Teneste frå presten kjem i tillegg: Nok. 2 800,-.
