Konfirmasjon
Kvifor velje konfirmasjon i kyrkja?
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du moglegheita til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du læra meir om Gud og deg sjølv.
Du blir kjend med nye menneske og har det morosamt saman med andre. Særleg på leir er det mange som får nye vener.
Viss du vel å bli konfirmert i kyrkja, lærer du mykje av det same som du lærer om ved humanetisk konfirmasjon – men i tillegg lærer du om dei kristne verdiane og kristendommen.
Du får eit nærare forhold til kristendommen. Det blir ikkje berre ein av religionane du høyrer om på skulen.
Det er artig med ein konfirmasjonsdag som berre er din. Ein dag som ikkje er gebursdag, men ein heilt spesiell dag der alle samlar seg om deg.
Du lærer korleis dei kristne verdiane rår deg til korleis du skal vere mot andre menneske.
Du får lære meir om kristen tru, og så kan du bli døypt i løpet av konfirmasjonstida om du ikkje er døypt frå før.
Konfirmasjonsdagen er eit fint høve for familie frå fjern og nær, som kanskje ikkje møtest så ofte, til å vere saman.
Du lærer mykje om ting du ikkje har tenkt på før, og mykje om ting du har tenkt på før også.
Påmelding og pris
Alle folkeregistrerte i Lom kommune, som står som medlem i Den norske kyrkja, får invitasjon til informasjonsmøte i juni kvart år. Dersom du ikkje er medlem, ta kontakt dersom du likevel ynskjer å konfirmere deg.
Frist for innmelding er i starten av september. Ta kontakt med kyrkjekontoret for innmeldingsskjema.
Eigenandel pr.2025 maks kr 2400,- som inkluderar all undervising, mat og 2 konfirmantleirar. Det kjem ikkje utgifter i tillegg.
Vi reiser på konfirmanttur til Trondheim om hausten, og deltek på konfirmanthelg i Håkons hall på Lillehammer i februar.
Konfirmasjonsdatoar framover
| År | Lom | Garmo | Bøverdalen |
| 2026 | 23. mai | 30. mai | 6. juni |
| 2027 | 22. mai | 29. mai | 5. juni |
| 2028 | 20. mai | 27. mai | 3. juni |
| 2029 | 19. mai | 26. mai | 2. juni |
