Kva må ein tenkje på når nokon av dei næraste døyr?

Mange kjensler kan melde seg i møte med dødsfall og gravferd. Dei næraste må saman med sorgtunge kjensler ordne opp i praktiske, juridiske og økonomiske spørsmål. På stutt tid, må ein ta stilling til seremoni, gravferdsform og kvar gravlegginga skal finne stad. Vi vil her informere om kva som er viktig å hugse på.

Publisert:

Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Ein kan óg velje å gjera det meste sjølv. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne etter og prate om kva for delar av førebuinga ein ønskjer å gjera sjølv. Her kan prest og tilsette ved kyrkjekontoret vera gode samtalepartnarar. 

Kiste eller kremasjon?

Omlag 65 prosent i Noreg blir i gravlagde i kiste på ein gravplass. Slik gravlegging skal skje seinast 10 virkedagar etter dødsfallet. Denne fristen kan forlengast dersom det er særskilde grunnar til det. Det er gratis med jordfesting på ein gravplass der den døde sist hadde folkeregistrert adresse.

Omlag 35 prosent i Noreg blir kremert i krematorium. Kremasjonen skal skje seinast 10 virkedagar etter dødsfallet. Før kremasjonen kan ein ha ein sermoni som vi kallar bisetjing. Etter bisetjinga blir kista køyrt til nærmaste krematorium, og urna skal setjast ned på ein offentleg gravplass seinast 6 månader etter dødsfallet. Fram til urnenedsetjinga blir urna lagra anten på krematoriet eller hjå gravplassmyndet til urnenedsetjinga finn stad (hjå Lom kyrkjelege råd i Lom).

Kyrkjetenar hjelper til ved urnenedsetjinga. Dei etterlatte kan vera til stades og ha ein liten sermoni dersom ynskjeleg. 

Oskespreiing

Oskespreiing er alternativet til kiste-eller urnenedsetjing på ein gravplass. Oska kan spreiast over open sjø eller fjell, men ein må søke om godkjenning frå Statsforvaltaren.  Søknadsskjema finn ein på heimesida deira. Det er ikkje mogleg å etablere gravminne (gravstein) på offentleg gravplass dersom ein vel oskepreiing. 

Seremonien i kyrkja

Gravferda starta med preludium (inngangsmusikk), salme, velkomstord og ei bøn. Etter det framfører presten eller ein representant for dei pårørande minneord. I minneorda tek ein gjerne med informasjon om livet til den døde, med forteljingar om kva den døde har hatt å seie for dei som stod han/hen nær. Etter minneorda, er det også høve for andre korte helsingar, kransepålegging, opplesing og ljostenninge. 

Etter minneorda, er det gjerne ei salme eller musikkinnslag før presten les frå Bibelen og held ein kort tale ut frå skriftordet. Det blir bede ei bøn før alle ber Vår Far saman.

Før postludiet (utgangsmusikken) kan det vere eit musikkinnslag eller ei salme. Ved gravferder og ved sørgjehøgtider andre stader enn i kramatoriet, blir kista boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den nærmaste familien eller vener av den døde er med og ber kista.

Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn og kista blir seinka. Så fylgjer jordpåkastinga. Deretter les preste eit ord frå Bibelen før han eller ho les velsigninga og alle syng ei salme. Ved bisetjing/kremasjon kan jordpåkastinga skje i kyrkja.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"