Vedtekter for Lom Blomefond
- Blomefondet omfattar Lom, Garmo og Bøverdalen kyrkjer og kyrkjegardar
- Lom kyrkjelege råd er styre for Blomefondet og kan gjera vedtektsendringar
- Midlane i Blomefondet er pengegåver som er gjevne i samband med gravferder eller gåver til fondet og renteinntekter av inneståande i bank.
- Rekneskapet til fondet blir ført som eige tenesteområde i rekneskapen til Lom kyrkjelege råd
- Pengane til Blomefondet skal, så langt dei rekk, brukast til å dekkje utgifter i samband med:
- Kjøp av sommarplanter til alle graver på alle kyrkjegardane
- Kostnadar knytt til klargjering, stell av plantefelt, grasklypping og vatning i vekstsesongen, medrekna naudsynt utstyr for dette.
- Utlysing av stilling og løn til ekstrahjelp på kyrkjegardane i vekstsesongen
- Kunngjering og servering på dugnadane (raking og planting)
- Kjøp av stearinljos ved kyrkjelege handlingar
- Kjøp av blomar til pynting i kyrkja ved kyrkjelege handlingar
6. Vedtektene gjeld frå 20.03.2025 og er vedtekne i Lom kyrkjelege råd sak 11/25
Tidlegare vedtekter gjeldande frå 01.01.2006 for Lom Blomefond er oppheva frå same dato