Gravferdslova seier at det er kun ein person som kan vera ansvarleg for gravferda

Publisert:

Den ansvarlege for gravferda tek ei rad med avgjeringar i samband med gravferda:

  • Om den døde skal kremerast eller om det skal vera gravlegging med kiste
  • I kva kommune, gravplass og grav som den døde skal leggast i
  • Kva seremoni og seremonistad som skal nyttast ved gravferda
  • Den som er ansvarleg for gravferda, vil vanlegvis også vera ansvarleg for grava etter gravlegging. Men dette ansvaret kan dei etterlatte bli samde om. 

Dersom den døde ikkje har skrive ei stadfesting, har etterlatte over 18 år i denne rekkefylgja rett til å sørge for gravferda: Ektefelle, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, barn til søsken og foreldre til søsken. Etterlatte kan seie frå seg retten til å sørge for gravferda. Retten går då vidare til den neste i rekka. Ved usemje om kven som har rett til å sørge for gravferda, kan saka avgjerast av kommunen der den døde var busett. Denne avgjeringa kan ikkje klagast på.

Sambuande sin rett til å sørge for gravferda kan stillast på lik line med ektefeller viss ein på dødstidspunktet var i eit ekteskaps-liknande, eller partnerskapsliknande sambuarforhold. Kulturdepartementet har peika på følgande moment som det skal leggast vekt på i vurderinga om sambuande skal likestillast med ektefeller; Om dei har felles barn, er registrert i same adresse i folkeregisteret, kor lenge ein har vore sambuar, i kva grad det var brot i samlivet og om dei sambuande har oppretta testament som tilgodeser den andre. 

Dersom ingen vil sørge for gravferda, eller det ikkje er etterlatte, skal kommunen ha ansvaret for gravferda. Kommunen får da alt ansvaret som elles ligg hjå den etterlatte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"