Kva betyr det å vera fadder?
Under dåpshandlinga seier presten at foreldre og faddarar skal vera vitne til at barnet er døypt og hjelpe til med at barne blir oppfostra i den kristne trua. Å ta barnet med til barne-aktivitetar i kyrkja er ein fin måte å gjera dette på. Å vera fadder er for mange ei ærefull oppgåve
Kven kan vera fadder?
- Ein fadder må ha fylt 15 år og som hovudregel vera medlem i Den norske kyrkja.
- Det er ikkje øvre aldersgrense for å vera fadder.
- Medlemmar av andre kyrkjesamfunn kan vera faddrar så lenge dei aksepterar barnedåp.
- Foreldre kan ikkje vera faddrar til eigne barn
- Minst to av faddrane må vera til stades under barnedåpen.
Kva er ei dåpssamtale?
Når dåpsdagen nærmar seg, vil presten ta kontakt med deg/dykk for å avtale tid og stad for ei dåpssamtale. Samtala handlar om kva dåpen er, kva som skjer dåpssdagen og dei verdiane som fylgjer i kvardagen. Vanlegvis blir det gjennomgang av dåpssermonien. Du kan stille alle spørsmål du har om dåp tru og kyrkja.
Kva sker i kyrkja under dåpen?
Dåpen finn som regel stad tidleg i gudstenesta. Fyrst blir det lese frå Bibelen om kvifor vi døyper borna våre. Vi les truvedkjenninga høgt saman og syng ei dåpssalme. Døypefonten blir fylt med vatn, og presten ber ei bøn for det som skal skje. Dåpsfamilien kjem fra til døypefonten, og ein i fylgjet tek av dåpslua, viss barnet har det. Presten spør den som ber barnet kva barnet heiter. Så teiknar presten ein kross over barnet, før han eller ho ausar tre handfullar med vatn over hovudet til barnet og seier: "Eg døyper deg i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande".
Hovudet til barnet blir tørka med ein klut. Eit dåpsljos blir tend som familien får med seg heim. Ofte blir dåpssermonien avslutta med ei salme.
Kven kan bere barnet?
Det er vanleg at ein av foreldra eller faddrane ber barnet til dåpen. Dette er valfritt. Andre, som til dømes besteforeldre kan også bere barnet.
Kva er gudmor og gudfar?
Mange brukar denne tittelen på dei som ber barnet i dåpssermonien. Foreldra bestemmer om dei vil bruke denne tittelen, men dette blir ikkje ført i kyrkjeregisteret.