Er det noko du lurar på?
Her får du svar på dei mest vanlege spørsmåla om dåp
Les meir
Når eit barn blir bore til dåpen, blir vi minna om at ingen kan bera seg sjølve. Vi blir ein del av kyrkja, eit fellesskap over heile verda og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har alle støttespelarane rundt seg, og der Gud lovar å følgje barnet alle dagar.
Jesus døypte ikkje, men utfordra menneska han møtte til å vera saman med han og følgje han. Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske i over heile verda, og undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv.
Alle kan bli døypt og ein kan bli døypt når som helst i livet. Det som er mest vanleg i Den norske kyrkja, er eit borna blir døypte innan dei er eit år gamle. Nokre blir døypt i samband med konfirmasjon, medan andre blir døypt i seinare alder.
Dåpen er ei stor hending i familien. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er født. Men det er noko meir. Dåp er eitt av to sakrament i kyrkja. Det er ei heilag handling som kyrkja gjer i namnet til Jesus.
I Lom har vi lange tradisjonar for å døype borna våre. Tradisjon tyder overføring, noko som blir gjeve vidare gjennom slektsledda. Vi vil gjere vårt for at dåpen blir ein festdag med gode minne.
Alle som ynskjer dåp er velkomne til å ta kontakt for meir informasjon. Dei som ynskjer dåp i Lom kommune, anten i Lom, Bøverdal eller Garmo kyrkje, tek kontakt med kyrkjekontoret for å avtale ein dato.
Det er gratis å døype seg.
Den som blir døypt bli medlem i Den norske kyrkja
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"