Tru og trusliv i Bjerkreim - gjennom tidene

Dette kåseriet blei halde av Ola Birkeland på frilufts-gudstenesta ved den gamle ferjeplassen på Tengesdal sommaren 2025.

Publisert:

Tru og trusliv i Bjerkreim - gjennom tidene

Tru og trusliv i Bjerkreim – gjennom tidene.

Ei framstilling ved Ola Birkeland

 

Dette kåseriet blei halde på frilufts-gudstenesta  ved den gamle ferjeplassen på Tengesdal sommaren 2025.  Det var eit fellesarrangement mellom kyrkja og ættesogelaget. Utgangspunktet var 900-årsmarkeringa av Stavanger som eige bispedømme. Det er gjort nokre tilføyingar til det opphavlege innlegget.

1.      Første tidsepoke eg vil ta for meg er 700-800-talet. Då er nok den største folkevandringa over, dei fleste gardar har blitt busette og ein har fått det ein kan kalla stabile forhold. Trur og det er viktig å seia at slektskap og storfamiliar nok var grunnleggande for tryggleiken i samfunnet, eit såkalla klansamfunn. Til og med seks-menningar blei rekna som nær slekt. Det meste av Bjerkreim var og så pass langt frå sjøen at ein ikkje risikerte overfall frå strandhoggarar.

2.      Neste stopp blir på 12-1300-talet, men før Svartedauden. Då var kristen tru skikkeleg nedfelt i samfunnet og tru det eller ei, då var latin eit kjent språk for alle. Magnus Lagabøters landslov var  det ideelle grunnlaget for samfunnslivet,  og  dei som følgde med på 750-årsprogrammet i fjor, blei  sikkert slått av kor omfattande og inkluderande den galdt alle i samfunnet. På andre sida var det sikkert svært få som kunne lesa utenom prestane, men ein lærde forutan.

3.      Siste stopp blir rundt 1750. Då er konfirmasjonen innført i dobbelriket. Det får etter kvart store konsekvensar for dagleglivet.

Kjelder: Reidar Astås: Kirkehistorie, Magnus Rindal/Gro Steinsland: Heilage stader i Norge, Sem Austrumdal: Bjerkreim skipreida, Lisabet Risa: Bjerkreim bygdebøker, Jørgen Skjæveland: Gamalt frå Bjerkreim,  Oskar Skarsaune: Bergprekenens Jesus, etterlyst,  Aschehoug og Gyldendals Norsk leksikon. Samtale med kunsthistorikar Mette Irene Dahl. Og ikkje minst Jørn Øyrehagen Sundes: Kongen. Lova og landet. Magnus Lagabøtes landslov.

 

Førkristen tid.

Visse plasser i naturen har liksom ein magisk utstrålingskraft: Store steinar, tre, fjell eller andre markerte naturformasjonar. Det går igjen over alt der menneska har ferdast. Felles for desse stadene er at dei skapar eller inngir både lengsel og frykt/respekt.

Etter kvart som fast busetting blei etablert, galdt det om å stella vel og ofra til  maktene som ein trudde var knytta til desse naturformasjonane som markerte seg sterkt i landskapet.    Sola var og eit viktig objekt. Den gav livet tilbake, særleg hos oss med skifte frå sommar til vinter. Gardvorden, han som rydda garden, var eit sentralt subjekt. Han var på ein måte startkrafta for garden. Mange ølbollar og grautfat vart sette ut midtvinters ved solsnu. Elles var der krefter eller vetter som representerte ein stadig trussel med sjukdom hos dyr og menneske og uår og misvekst. Me kan bare tenkja oss sjølv: me registrerer korleis åra kan skifta frå gode år til ringe år, tilsynelatande utan nokon spesiell årsak. Gode/dårlege åringar blei eit begrep som til og med kunne fella kongar.

Når det gjeld meir personifiserte guddommar har me eit skilje mellom æser  og vaner. Vanene var nok mest fruktbarhetsgudar/inner som låg nærmare dei gamle åndene. Æsene var meir personifiserte og representerte eit høgare bevissthetsnivå, blir det antyda. Dei var og meir spesifikke krigargudar. Frøy/Frøya og Njord er vaner. På Jæren finst dei i stadnamna Frøyland, Njærheim, Nærland t.e.

I Bjerkreim har me iallfall eit namn som er knytta til ein gud. På Ivesdal, på leitet mot Asheim, står Ullsteinen. Når ein kjem frå Asheim, kan ein ikkje unngå å leggja merke til han endå om ein kjører bil. I tider då folk gjekk, markerte han seg tydeleg i landskapet. Guden Ull budde i Ydalir, språkmessig er det det same som Ivisdal, som tyder barlind. Ull var guden for skifolk og bogeskyttarar. I Sverige og Sør-Norge var han ein vanleg gud før vikingetida.(Ullevål, Ullensaker, Ullensvang, Ullandhaug)
Litt geologi. Ullsteinen skil seg ut frå berget rundt. Det er ei flyttblokk som er komen enten frå Kvitladelen eller endå lenger aust.  Det er ikkje merkeleg at store blokker plasserte langt borte frå fjell, eller på toppen av fjell, må ha skapt undring.  Av andre blokker har me hegeitelen/Kyrkjesteinen på Hegelstad, Dvergasteinen på Versland. Steinsland har namnet etter ei flyttblokk som er fjerna. I over-gangen til kristen tru kjem der 2 kyrkjesteinar: ein på Vassbø og ein på Birkeland. På Birkeland er det både Kyrkjevoll, Kyrkjehaug, Kyrkjehagane og Kyrkjefjell. Potetene våre er i år sette på Kyrkjevollen. På denne vollen har eg under steinhenting funne både spinnestein og ein kleberstein med visse inngraveringar.

Æsene er meir knytta til vikingetida og krigarkulturen, med Odin og Tor som dei mest sentrale. Kor sterkt desse stod i Bjerkreim, er usikkert. Me må ha klart for oss at utan om dei mest kystnære områda av skipreida, var busetnaden spreidd og med ein topografi som gjorde samkvem med andre grendelag utfordrande. Om der har vore hov i Bjerkreim med offerkultus og bloting er uvisst. Me har to Hovland i Bjerkreim: i Ørsdalen og i Vinjagrenda. Begge to er yngre enn hovudgarden Eik i Ørsdalen og Grunnes/Espeland. Det burde vera mest rimeleg å tru at hovet blei plassert på sentralgarden. Hov kan og bety haug/pall, og det passar og på begge gardane. Men ein kan ikkje utelukka at det faktisk var spesielle bygg som blei brukt i religiøs samanhang, og då var Hovland midtpunkt for Grunnes(Espeland, Sundvor og Vin).   Det spesielle med Hovland i Ørsdalen er alle gravhaugane. Det er rimeleg å tru at me har hatt eit stabilt og aristokratisk samfunn i Ørsdalen, spesielt fordi dalen ligg så godt skjerma. Det er i grunnen bare sirdølane som var potensielle «fiendar». Og ei av dei to segnene me har i Bjerkreim handlar nettopp om striden mellom kongen på Hompland og kongen på Hovland.      Eg tippar Hovland i Ørsdalen var den mest rimelege staden for eit hov.

                                                                                                                                                              Ordet kultur betyr i utgangspunktet  dyrking av jord. Det vil då bli naturleg at den som starta ryddinga av garden, sjølvsagt måtte ærast og «dyrkast»(minnast) etter sin død. Så gravstaden til haugbonden eller gardvorden/vaktaren var ein naturleg minneplass der ein plasserte små gåver/mat/øl som eit rimeleg offer.

Me har interessante historiar både frå Grøtteland og Espeland der rydding og flytting av steinar kunne få dramatiske konsekvensar. Ein respekterte ikkje dei underjordiske når ein  øydela buplassene deira. Kan ikkje gå inn på dette konkret, men les meir hos Sem Austrumdal.

Vonde makter og vetter. La oss gå til Åsen. Huset blei bygt i 1747 reknar ein med. I bestestova er der ein kross midt i golvet. Når nokon var død, skulle kista plasserast oppå krossen. Då var ein sikra at ikkje vonde makter kom og fjerna sjela før ein var lagd i kristen jord. I Ryfylke finn ein den same krossen i gamle hus. Når me nå skal over til neste bolk som er katolsk tid,  er det vel rett å seia at sjels-overgangen frå kroppen framleis av mange blir vurdert som ein prosess som tek tid. Derfor var og er det vanleg med lik-vaker før kroppen kjem i vigsla jord.

Kristen/Katolsk tid.

Mykje av det som er skrive så langt er spekulasjonar. Langt meir sikre kan me vera når me nærmar oss 1300-talet. Då har den kristne trua vore kjend i  snart 300 år. Ein har etablert kyrkjelege ordningar som langt på veg er dei same ein finn i katolisismen i dag. Eit anna moment som eg har nemnt så vidt, er den politiske, sosiale situasjonen i landet på denne tida. Det er her kunsthistorikar Mette Irene Dahl kom med verdifulle opplysningar. Hennar og professor Jørn Øyrehagens meining er at landslova var eit unikt sosialt tiltak. Det hadde sin spesielle bakgrunn. Magnus var ikkje den første i arverekka. I tillegg var han veikhelsa då han var liten. Derfor blei han sett i lære hos fransiskanarane i Bergen. Frans av Assisi var kjend for sin motstand mot maktmisbruket i kyrkja, og han blei så vidt tolerert av paven. Men han blei svært populær for sin humanistiske og sosiale tilnærming til evangeliet og måten han praktiserte det på.  I denne tradisjonen var det Magnus blei sett inn i og blei opplært i. Så skjedde det at  dei eldre brørne som var før han i arverekka, døydde. Utenom all forventning blei Magnus utropt til konge. Dette tok han som eit teikn at den oppfostringa han hadde fått, skulle prega styresettet hans. Politisk var Norge nå på toppen av si makt.                              Men me må vera klar over at om der var mange fastbuande bønder, var ein tredel av folket løysingar, altså frigjevne trælar eller etterkomarar av desse.  I fjor sat eg og lytta til store delar då landsloven blei framførd i NRK. Då la eg merke til at eit viktig grunndrag i loven, var at alle hadde rett til natur-ressursar. Altså fattige utan jord fekk rett til å henta brenne or skogen, fisk i vatna og vilt i skogen. Det blir gjort klart i loven at  ingen kunne nekta fattige rett til mat eller husly viss dei var på vandring. Det står til og med så sterkt at dersom ein bonde nekta mat og husly til framande og naudstilte, vel og merka viss dei sjølv hadde nok, kunne det bli rapportert til kongen og styresmaktene.. Her kunne ein brodert ut mykje, men kjøp boka og les sjølv.

Apostelen Peter var den første av alle dei som seinare blei biskopar i Roma. Etter kvart blei den romerske biskopen primus inter pares, etter kvart blei han primus åleine. Det var  sambandet med keisarmakta som gjorde at biskopen i Roma blei det naturlege samlingspunktet teologisk, men og etter kvart det sentrale maktpunktet.  Me skal sjå på kva konsekvensar det fekk for folk i Bjerkreim då kristendommen overtok trus-rommet.

Eit namn skal først nemnast: Thomas av Aquinas. Han var dominikanarmunk og gav ut eit omfattande verk på 12 bind: Summa Theologica. Hans hovudtanke som fekk gjennomslag i kyrkja var denne. Mennesket er av seg sjølv ikkje innstilt på Gud og hans rike. For å frelsa mennesket må Gud gi det ein «overnatur» som løftar det opp som ein del av  Guds natur. Dette gjer Gud ved å inngje sin nåde i mennesket. Først når mennesket har fått denne nye ånds-tilstanden blir dei i stand til å utføra gode gjerningar og gjera Guds vilje.  Denne nåde-/ånds-tildelinga skjer gjennom sakramenta: dåp, nattverd, konfirmasjon, bot, den siste olje, ekteskap og ordinasjon.

Og for å gjera det kort og litt for enkelt. Det var paven som gjennom sin ordinasjon og Peters etterfylgjar kunne tildela denne nåden.

I praksis blei det slik at ein truande gjennom å fylgja pavens instruksar var garanterte det evige liv. Når ein gjennom årleg bot skrifta sine synder, kunne presten gi ein fullstendig synds-tilgjeving som garanterte evig liv. I tillegg kunne forbøn for sentrale personar redusera tida i skjærselden. Jørn Øyrehagen Sunde nemner eit konkret døme på dette på side 74 i «Kongen, lova og landet». «Ein kan og merka seg at pave Nikolaus 3. i 1279, eitt år før kong Magnus døydde, gav ordre om at dei som bad for kong Magnus, dronning Ingeborg og baronane deira, skulle få 100 dagar avlat».

Synder som ein gjorde gjennom livet måtte likevel bøtast for, enten ved at ein betalte inn pengar til kyrkja, eller til slektningar av den forulempa viss ein hadde utført overgrep mot nokon. Det mest ytterleg-gåande var å gjera som  Flose frå Svinafell i Njåls-saga.  Etter å ha brent Njål og sønene hans inne, måtte han gjera ein valfart til Roma for å få personleg absolusjon(tilgjeving) av paven. Tore Hund som stakk spjutet gjennom Olav heilage, fant å måtta ta turen til Jorsalaland(Jødeland) for å kvittera ut for mis-dåden.

Eit sentralt omgrep i trua var «nådeskattar»: Relikviar, gode gjerningar. Kyrkja lærde at dei  forvalta ein kapital av gode gjerningar som helgenar hadde bygt opp. Desse forvalta kyrkja og ein kunne få del i desse viss ein støtta kyrkja og eventuelle kloster. Viss ein hadde bygt opp eit lager av nådeskattar for seg sjølv,  ville vegen gjennom skjærselden bli kortare. Det blir fortalt om Luther at då var han student, måtte han eit ærend til Roma. Då sprang han rundt frå den eine kyrkjebygningen til den andre for å få tak i mest mogleg av kyrkja sine nådeskattar både for seg  sjølv og andre. Han kraup på kne opp Pilatus-trappa(Scala Santa) for å fria bestefarens sjel ut or skirselden. Men han fortel at då han kom på toppen av trappa, spurde han seg sjølv: «Er dette sant?»

Men dette var fleire hundre år etter vår epoke og i mellomtida hadde det vore to pavar som slost mot kvarandre, avlatshandel og mykje maktmisbruk innen kyrkja. Eg reknar med at Bjerkreimsbuen var lykkeleg uvitande om dette heilt til reformasjonen igjen kasta om trus-begrepet og gjorde det vanskeleg for folk flest.

I katolsk tid ville folks trusliv  nomalt arta seg slik gjennom livet. Ved dåpen fekk ein  del i Guds nådeskatt. Gjennom konfirmasjonen i 7-årsalderen fekk ein styrkt denne skatten. Dette blei kalla ferming og måtte tildelast av biskop viss den skulle ha full virkning. Gjennom bota som var årleg synds-vedkjenning til skriftefaren/presten, blei ein presentert  for dei daglege hjelpemidla i truslivet: Pater noster(Fader vår) Credo(Trus-vedkjenninga, truleg den nikenske)). Desse måtte ein læra utenåt og seia dei fram kvar dag. Seinare kom Ave Maria.  Ekteskapet var og eit sakrament, og derfor ubryteleg.

Nattverd ein gong i året var og ein viktig del av å bevara trua. Alle hadde fem fadrar som skulle på-minna og visa kristen livsførsel til den yngre generasjonen.
Så veit me at Svartedauden var ei brutal oppleving og skaka trua og livsoppfatninga for alle. Ein seier at ein nå lever i ei spesiell tid med etterdønningar av ein pandemi;  eg trur sanneleg det var utfordrande nok i 1350 og.

 

1750.                                                                                                                                                         Nå har reformasjonen vore verksam i over 200 år. Me har fått konfirmasjonen som ein grunnleggjande markering i livet. Då skal  ungdommen syna at dei har nok  kunnskap til å bli konfirmerte; Først då var ein i stand til å inngå ekteskap. Det var mange som ikkje greidde dette og blei utestengde frå eit sosialt og sivilt liv. Så seint som i 1903 fekk ein ikkje gifta seg her i landet viss ein ikkje kunne visa fram konfirmasjonsattest.  Vi har døme på ungdommar som ikkje blei konfirmerte her i Helleland prestegjeld, men slapp gjennom nålauga i eit anna prestegjeld, rimelegvis ved hjelp av eit klekkeleg offer til praktiserande prest. Det er rimeleg at lesevanskar ikkje er noko nytt fenomen.

 Men lesekunnskap var nå blitt utbreidd i folket., for eit utslag av reformasjonen var at bibelen skulle lesast på morsmålet. I Bjerkreim blei det sjølvsagt dansk. Men det seier seg sjølv dei fleste ikkje kunne lesa flytande. Språket har nok vore ein barriere i Bjerkreim.

Men me må starta i 1660. Då fekk me ny konge, Christian 5. Då fekk me og ei heilt ny sosial, politisk og religiøs ordning i lovs form: eineveldet. Det fekk mange praktiske konsekvensar. I trus-samanheng blei det nå vedteke eit prinsipp som gjekk/går under namnet cuius regio, cuius religio. Dette er ein genitivkonstruksjon. Direkte oversett frå latin vil det på dansk bli:» hvis land, dets tro». Det var ikkje nytt, det hadde blitt praktisert i mange kulturar opp gjennom historia. I praksis betyr det at slik fyrsten trur/meiner, slik skal og folket tru.  Christian 5. får i oppdrag å syta for at den vanlege danske og norske innbyggjar har den sanne lutherske tru, dette skal gjennomførast» veldigen», altså med makt skal han syta for at dette blir gjennomført. Dette med maktbruk har nok aldri vore så markert før. Og kven skal hjelpa han i dette? Jau, prestane og kyrkja.  I loven står der at presten aldri må kritisera eller kommentera kongens styre negativt, eller arbeida mot det. Tvert imot skal dei  alltid tala godt om kongen og styret og prisa han for alle hans velgjerningar mot folket.

Korleis går ein då fram i ei luthersk kyrkje med då fremja den rette kristne tru? Ein startar tidleg: alle barn må døypast innen 8 dagar, ein skulle gå regelmessig til gudsteneste, nattverd minst ein gong i året. Alt dette var krav som kunne kontrollerast. Då pietismen greip om seg først på 1700-talet,  såg ein at den åndelege tilstanden nok ikkje var slik han burde vera. (Brorson: Av døpte vrimler  stad og land, men hvor er troens brand?) Christian 6. var pietist. Då han blei konge, forstod han at noko måtte gjerast for å auka «trua». Då måtte kongen sikra seg tilgang til sinnet for å vera sikker på at undersåtten var på rett veg. Koss gjorde han det? Ved å etablera ordningar der individet høgtideleg forplikta seg til den evangelisk lutherske religionen. Her blei konfirmasjonen den viktige markeringa som garanterte den rette sinnstilstanden: der forplikta ein seg med handslag på å leva som rett evangelisk kristen.

Me skal gå gjennom ritualet ved konfirmasjon. Eksempel blir henta frå Oskar Skarsaunes bok: «Bergprekenens Jesus. Etterlyst».  Oskar Skarsaune  var det ein del i Bjerkreim som blei med kjent med i 1979.  Då var han på eit lite seminar på Vikeså Misjonshus og mellom anna fortalde om koss Abraham gjekk fram då han skulle gjera avtale om ein gravplass for Sara i Hebron. At noko som var så spesielt, kunne bli framstilt så interessant undrar meg ennå.   Han er kyrkjehistorikar og har skrive fleire bøker: mellom anna «Skaperkoden» og  «Israelsmisjonens historie».   

                                                                                                                                                                 Som me har høyrt, var konfirmasjonen obligatorisk. Dersom ein ikkje var konfirmert, var, som tidlegare nemnt, det sivile borgarskapet både i Danmark og Norge stengt. Dette er viktig å ha klart for seg. For som me snart skal høyra: Heile liturgien er bygt på at konfirmanten gjer dette frivillig. Nå skal konfirmanten bekrefta det dåpsløftet fadrane gav ved dåpen: Ved dåpen følgde ein Luthers «Lille bok om dåpen», der spebarnet blir spurt om det forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen, deretter om det trur på dei tre artiklane i den apostoliske truvedkjenninga, og om det vil bli døypt til denne tru. På barnets vegne svarar fadrane bekreftande på alle desse spørsmåla. Ikkje før 1920 blei dette endra. Då var det  Gustav Jensen som i Altarboka av 1920 instituerte den nye dåpsliturgi-ordninga med spebarns-dåp.

Konfirmasjonshandlinga hadde 4 ledd: Overhøyring, konfirmasjonen, tale, bønn.

(1) I overhøyringa skulle konfirmanten svara for seg og visa at ein hadde grunnleggande kjennskap til den evangeliske, lutherske trua, slik den var framstilt i Pontoppidans: Sandhed til Gudfrygtighed (1738).

(2) I sjølve konfirmasjonen bekreftar konfirmanten med handslag at  han av heile sitt hjarta forsakar djevelen og alle hans gjerningar, at han trur på Gud Fader, Jesus Kristus og Den heilage Ande, og at han vil bli i si dåpspakt heilt til den salige ende.

(3)Presten held så ein tale til konfirmantane der han innskjerpar kva dei har lova, at løftet er ein gyldig eid til Gud, at dei aldri må forlata den sanne evangeliske religionen, eller i livet vika av frå dei sanningar den inneheld og som dei nå har sverja truskap til. Han formanar dei til å la deira trus lys skina for alle menneske. Den oppfordringa gjekk og til fadrar og foreldre.

(4)Siste delen var ei bønn som ville fylt fem sider i ei normal bok. Det var ingen bønn, meir ei utvida del av preika. Det einaste som minte om bønn var avslutninga der det blei bedd om nåde for kongens og hans hus, han som så nådig har innført skikken med konfirmasjonen. Avslutninga er slik: «La ham høste frukten, også av denne dags hellige handling, slik at han i alle dem, som har fornyet sitt dåpsløfte, må finne gode og lydige undersåtter, som vet at enhver som frykter Gud, skal ære kongen!»

Skarsaune seier han får frysningar på ryggen. Det er begrepet frivillig som opprører han. Alle veit at dette er obligatorisk, korleis kan kyrkja med litt ære i behald seia at konfirmanten  gjer dette frivillig.  «Paradokset med å skulle vekke mennesker til sann omvendelse ved tvangsmidler kan knapt bli mer grotesk enn her. Og i en bønn til Gud bør en ikke lyve åpenlyst i alle menneskers påhør (ikke ellers heller).  Intet i konfirmasjonen var frivillig, heller ikke forsakelsen av djevelen og bekjennelsen av troen!»

Var så dette med konfirmasjonen  eit evangelisk feilsteg? Det førde iallfall til at både Danmark og Norge blei prega av ein sterk felleskultur. I mange samanhengar meiner eg det har vore eit stort gode. Dei aller fleste lever i ein felles kultur og dreg fordel av det gjennom livet. Men skal me vera ærlege,  har Grundtvig heilt rett når han seier: «Tvang til tro er dårers tale!»  Likevel ser ein at på trass av ein hardhendt kyrkjepolitikk,  har evangeliet halde seg levande i store delar av folket, noko som har vore til stor velsigning. Dette er mi vurdering,  og slik eg forstår Oskar Skarsaune, forfektar han den same meininga.  Men ein annan plass i boka seier han at han skjemmest over kor nedlatande han lenge vurderte andre trussamfunn utanfor statskyrkja. Og det er det nok og mange som kan skriva under på.

Til slutt. Heilt sidan eg kom inn i kyrkjeleg arbeid, var det klart for meg at kyrkja sjølv måtte ta ansvar for dåpsopplæringa. Det synest eg me har fått brukbart til her i soknet.

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"