Velkomen Verena

Verena Fuglestad byrja som sokneprest i Bjerkreim 1. februar. Ho vart ferdig utdanna like før jul og vert truleg vigsla til prest i juni, fram til då kan ho utføre alle prestetenester utanom å vie folk. Ho skal vere her eit år mens Per Børge Hillestad er i permisjon.

Publisert:

Velkomen Verena

Verena er 46 år, bur på Bogafjell saman med mannen Ingve Fuglestad (frå Vikeså) og to barn på 14 og 15 år. Ho kom til Norge i 2008 og etter to veker vart ho hyra til å vere tolk for skottar som var i Bjerkreim for å delta i VM i saueklipping.  

Morsmålet hennar er italiensk, ho vaks opp i ein italiensk minoritet i Kroatia, og har både kroatisk, italiensk og norsk statsborgarskap.  

Før ho vart prest har ho arbeidd som journalist, engelsklærar, tolk for politi/militærpoliti i Italia og teknisk assistent i Aker Solutions. Ho har òg hatt eige firma som fotograf.  

Ho har hus på Birkeland i Bjerkreim og har svigerforeldre på Vikeså.  

På spørsmål om kva som er det viktigaste som prest svarer Verena at det er å spreie evangeliet – og alt det håpet det inneheld. Som barn sat ho ofte på fanget til mormora som fortalde at i himmelen sat Jesus og passar på Verena, uansett om ho er glad, trist eller strevar med noko. Uansett om ikkje alt er perfekt så er han tilgjengeleg og kan styrke oss.  

Verena skildrar seg sjølv som venleg, sosial og dynamisk – og som køyrer gjennom livet i 5. gir.  

Reint praktisk så tek ho buss, evt elsykkel. Hittil har det gått heilt fint.  

Første gudstenesta ho skal ha ansvar for er 22. februar kl 11 i Bjerkreim kyrkje. Vi ynskjer Verena velkomen til Bjerkreim.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"