Bispemøtet har bestemt at kyrkjeklokkene i alle domkyrkjene i Den norske kyrkja skal ringe torsdag 7. august kl 15. Lokalkyrkjene er invitert til å delta i markeringa, og klokkene i Bjerkreim kyrkje vil ringe med.
Klokkene skal kalle til bøn og uttrykke uro for lidingane på Gaza. Situasjonen er kritisk, ord strekk ikkje til og handlingane kjennest små.
Som i tidlegare tider skal klokkene gje lyd til vår avmakt. Det å ringe med klokkene er eit farevarsel og inneheld ei oppmoding om å bruke fredelege midlar til å løyse krisa. Vi har kyrkjene, orda og symbola vi kjenner så godt. Vi ber og tenner lys for å kalle til handling som gjev fred.
Det er utarbeidd ei bøn til denne markeringa, den vil òg bli bedt i Bjerkreim:
Miskunnsame Gud,
Vi er langt borte frå Gaza, frå palestinarar som svelt og vert drepne og israelske offer og gissel. Vi har alle same menneskeverdet, og kjenner på sorg og fortviling over håpløysa syskena våre dagleg står i.
Vi ber: Hjelp at vi ikkje må miste motet til å kjempe for dei som lid.
Rettferds Gud. Vi ber om at statsleiarar og politikarar får visdom og vilje til å finne løysingar som tek vare på dei svakaste. Vi ber om at våpena vert lagde bort, at gisla vert fri og at folk i Midtausten får ei trygg framtid.
Himmelske Far. Miskunn deg over palestinarar og israelarar, lei dei og oss med kjærleik på veg til forsoning og varig fred. Amen.