Friluftsgudsteneste på Tengesdal sundag 15. juni kl 11

Markering av bispedømet 900 år og friluftslivets år.

Publisert:

Friluftsgudsteneste på Tengesdal sundag 15. juni kl 11

Stavanger Bispedøme feirar i  år 900 års jubileum. Dette markerar kyrkja i Bjerkreim på sundag med ei friluftsgudstjeneste på Tengesdal der den første kyrkja i Bjerkreim stod. Kyrkja var truleg var ei stavkyrkje, og stod like ved ferja over elva på den gamle ferdavegen frå Jæren, via Tengesdal mot Helleland og vidare austover. For å oppleva noko av gamle tiders kyrkjeveg, er det gjort klar for å parkera ved det uferdige industriområde ved Eikestad på E39 og så gå dei siste 1200 meter til gudstenesta. Elles kan ein og kjøra via Søra Tengesdal og opp langs elva på privat veg og fram til plassen.

Kvifor var første kyrkja på Tengesdal?

Frå gamalt av var Rogaland oppdelt i skipreider. Det var grendekrinsar som var store nok til å rusta opp eit skip med fullt mannskap for å verna landet. Eit av skipreidene var kalla «Tenxadale» skipreide med skipet liggjande på Tengs. Tengesdal vart då sentrum i bygda og det var naturleg å byggja den første kyrkja her. Det var truleg ei eller to kyrkjer lenger opp i bygda, men etter svartedauden vart det for lite folk til å halda dei vedlike og så vart det bygd kyrkje på slutten av 1300-talet. Under friluftsgudstenesta vil Ola Birkeland fortelja meir om «Tru og trusliv i Bjerkreim – gjennom tidene», og Per Søpdervold fortel om området Tengesdal og historia der.

 

Korleis kome seg dit?

Viss du vil gå fram:

  • Parkering på Eigestad industriområde.
  • Det vil stå ein person med refleksvest ved E39, avkøyring på høgre side ca 400 m før tunnelen på Krossmoen.
  • Merka veg ned til gudstenesteplassen. God sti/traktorveg, ca 1200 m.
  • Alternativt kan du stå ved Tengesdal grendehus og gå på flat veg.

Viss du du har vanskar med å gå, kan du køyre heilt fram:

  • Ta over elva på Tengesdal mot Tengesdal Sør.
  • Ta til venstre forbi eit par gardar og følg vegen vidare langs elva.
  • Parker på anvist plass, det vil stå p-vakter og vise veg.

 

Ta med sitjeunderlag/stol og gjerne niste.

 

 VELKOMMEN!

 

Merk: Dersom det blir stygt ver blir gudstenesta i Bjerkreim kyrkje i staden.

Dette blir avklart same morgon og lagt ut på nettside og facebook i tilfelle.

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom
Bjerkreim ættesogelag og Bjerkreim sokn

Fr

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"