På kyrkjekontoret vil det vere ope kvar tysdag utanom 8. juli. Elles blir det litt til og frå sjølv om folk er på jobb, vi nyttar nemleg rolege tider mellom anna til litt grundig reingjering i kyrkjene.
Send gjerne ein e-post til post@bjerkreimkyrkja.no – den er det fleire som kan lese. Sentralbordet på kommunehuset har oversikt over ferien til oss i staben, så ring evt der (51201100) og spør viss det ikkje er svar på 51201198 (kyrkjekontoret).
Velkomne til gudsteneste søndag 29. juni kl 11 i Bjerkreim kyrkje. Prest: Per Børge Hillestad. Organist: Eli Mari Hadland, og til kveldsgudsteneste søndag 27. juli kl 19 i Bjerkreim kyrkje. Prest: Christiane Krahner. Organist: Sander Slettebø Grøsfjell.
God sommar!