Dagens bibelord

Mika 4,6–13

Dagens bibelord 20.03.2026

Mika 4,6–13

6  På den dagen, seier Herren,
vil eg samla dei haltande,
sanka saman dei fordrivne
og dei eg har fare ille med.
7  Dei haltande gjer eg til ein rest,
dei bortdrivne til eit mektig folk.
Herren skal vera konge over dei på Sions berg
frå no og til evig tid.
8  Og du gjetartårn,
du dotter Sions vakthaug,
til deg skal det koma,
herreveldet du ein gong hadde,
Jerusalems dotters kongsmakt.
9  Men no, kvifor skrik du så høgt?
Er det ingen konge hos deg?
Er rådgjevaren din komen bort
sidan rier tek deg som hos ei kvinne som skal føda?
10  Skrik ut i rier som ei fødande kvinne,
dotter Sion!
For no må du forlata byen
og bu ute på marka.
Du skal koma til Babel,
men der blir du berga.
Der vil Herren løysa deg ut
or handa på fiendane dine.

11  Men no har mange folkeslag samla seg mot deg.
Dei seier: «Lat Sion vanhelgast
framfor våre auge.»
12  Men dei kjenner ikkje Herrens tankar
og skjønar ikkje hans plan:
å samla dei som kornaks til tresking.
13  Stå opp og tresk, du dotter Sion!
For eg vil gje deg horn av jern,
eg vil gje deg klauver av bronse,
og du skal knusa mange folk.
Du skal vigsla byttet deira til Herren,
rikdomen deira til herren over all jorda.

Kilde: www.bibel.no