Velkommen til oss!

Velkommen til Ytre Arna kyrkje! Me samlast til gudsteneste annankvar sundag kl. 11.00.

Publisert:

Velkommen til oss!

I Ytre Arna kyrkje samlast me til gudsteneste stort sett annankvar sundag. Du finn detaljane ved å gå inn på knappen Gudstenester og anna som skjer.  Me har eit barne- og ungdomskor som heiter Non Stop Singing og øver kvar onsdag kl. 17.30. Me har òg kor for vaksne, Ytre Arna vokal og Arna- og Ytre Arna kyrkjekor. I kyrkjelydshuset bak kyrkja finn du Noa open barnehage tre dagar i veka, tysdag, onsdag og torsdag. Ein gong i månaden vert det servert gratis middag i kyrkjelydshuset for alle som har lyst å komma. Vil du lesa meir om kyrkjelyden, kan du sjå deg rundt på nettsida her eller lesa Kyrkjebladet. Dei aller fleste nummer av bladet frå første årgang i 1968 og fram til i dag, finn du her. Du er òg velkomen til å besøkja Facebooksida vår. Berre gå inn på Facebook og søk Ytre Arna kyrkjelyd, så finn du oss.

Sidan me har gudsteneste berre annankvar sundag, går det godt å kombinera gudstenestene i kyrkja med møte på bedehusa. Det er to bedehus i soknet, Ytre Arna bedehus (rett ned bakken frå kyrkja) og Haugland bedehus i Kvamsvegen. Det er møte kl. 11 på eit av bedehusa dei fleste sundagane det ikkje er gudsteneste i kyrkja. Dei har òg tilbod til borna, skiftevis Ytre Arna Ving (1. - 4. klasse) og Torsdagsklubben (5. klasse og oppover) annankvar torsdagskveld, og sundagsskule/Sprell levande og bibelklasse for ungdomane under møta sundag kl. 11.00. Dette kan du lesa meir om her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"