Velkomen heim

15. - 21. september arrangerer forsamlingane i Arna og Ytre Arna fellesaksjonen "Velkomen heim". Telt på branntomta ved Shell Lone.

Publisert:

foto: "Velkomen heim"
foto: "Velkomen heim"

I september går dei ulike forsamlingane i Arna og Ytre Arna saman om ein fellesaksjon saman med organisasjonen «Velkommen hjem». Målgruppa er særleg born, ungdom og familiar.

«Velkommen hjem» – er ei frittståande foreining med eit omfattande opplegg med ressursar og lokale arrangement, for å hjelpa kyrkjelydar og kristne grupper til å nå nye born og familiar med den heilt sentrale bodskapen om Jesus. Leiarane for denne foreininga er Katharina og Wiggo Klausen (han var pastor i Arna Misjonsmenighet på 90-talet). 

Det blir stort telt på branntomta ved Shell Lone. Hovudarrangementet blir fire familieforestillingar laurdag og sundag. Men det blir program gjennom heile veka. Her er noko av det som skal skje:

  • Måndag: Teltet skal reisast.
  • Tysdag kl. 17.30-19.30: Supertysdag med andakt, hoppeslott mm. For born i skulealder.
  • Tysdag kl. 20-21: Bibellesing, song og bøn.
  • Onsdag (klokkeslett blir bestemt seinare): Sing-off: Kora syng for kvarandre. Hoppeslott mm. Ope for alle.
  • Fredag kl. 19-22: Ungdomssamling
  • Og altså: Laurdag og sundag: Familieforestillingar.

Ver med og be for dette arrangementet, både for lagleg vêr, for alt det praktiske, og endå meir at Gud må vera der med sin Ande og si velsigning så flokkane blir fornya, og så fleire må be Jesus velkomen inn i liva og heimane sine. Tysdag 5. august kl. 18.00 blir det felles bønemøte for "Velkomen heim" i kyrkjestova ved Arna kyrkje.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"