Løvstien har lenge vore i to bitar, og samanknytninga av desse er vel etterlengta av fleire. Denne samanknytninga er etappe 4, og den har vorte delt i 2. Fyrste del, frå Olavsbu ovanfor Mindemyren og til ovanfor Fredlundssvingen, sto ferdig i august 2018.
Andre og siste del, frå Fredlundssvingen til Kristian Bings vei, er spesielt utfordrande, med mykje bratt og vanskeleg terreng, og stor skredfare som krev omfattande fjellsikringsarbeid.
Men også dette arbeidet er no i gang. Det vert utført av Bulken Maskin AS, og deira arbeid er forventa ferdig hausten 2021. Etter det skal det imidlertid også byggjast ein brukonstruksjon, som fyrst er forventa ferdig ein gong i 2022, sjå meir om den lenger nede.
Denne skribent tok ein tur ein søndag for å sjå på det heile. Eg har ikkje vore ved Olavsbu sidan etappe 4 del 1 vart ferdig, så eg gjekk dit. Her er eit bilete frå like ved Olavsbu, der vegen held fram mot nord.

Etter ca 900m var eg ovanfor Fredlundssvingen. Der var det oransje gjerde og markeringar som viser at herifrå pågår arbeidet stadig.

Og etter å ha gått berre litt til, var det full stopp.

Eg kom altså ikkje vidare på Løvstien. Eg kunne ha gått ned igjen på bilvegen. Men der skulle finnast ei «blå løype» eit stykke oppe i skogen ovanfor; og etter å ha virra rundt ein del, fann eg denne.

Eg trur imidlertid ikkje at eg vil tilråde denne løypa. Fyrst var ho litt vanskeleg å finne. Og sjølv om der kunne vere greit å gå delar av løypa – som på biletet – så var der andre delar der det var vanskeleg å ta seg fram, og det kunne også til tider vere noko uklart kvar løypa gjekk. Dessutan var det ikkje så heilt lett å komme seg ned igjen på Løvstien.
Men eg kom omsider ned igjen ovanfor Kristian Bings vei. Der var det fleire store maskiner.

Alle maskinene sto, sidan det var søndag; men på kvardagane er det hektisk aktivitet her.
Etappe 4 del 2 er drygt 1km lang. Noko av dette skal verte vanleg turveg – som resten av Løvstien. Men for ca 400m midt på er det planlagt ei anna løysing: ei slags gangbru på pålar. Dette biletet frå Bergen kommune viser korleis det er tenkt å sjå ut:

Bilete frå Bergen kommune
Denne gangbrua er tenkt å vere det siste ein byggjer, og den er planlagt ferdig ein gong i 2022. Når det har skjedd, har vi omsider ein samanhengande turveg frå Kråkenes til Melkeplassen.