Vil du jobbe i kyrkja i sommar?

Vi søkjer engasjerte ungdomar til sommarjobb i perioden 14. juni – 27. juli. Er du mellom 16 og 20 år, nysgjerrig på arbeid i kyrkja og har lyst på ein meiningsfull sommarjobb? Då bør du lese vidare! Vi har to ledige deltidsstillingar på inntil 40 % i sommar.

Publisert:

Vil du jobbe i kyrkja i sommar?

Kva ser vi etter?
Vi ønskjer oss deg som:
• Kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
• Visar initiativ og engasjement
• Er nysgjerrig på eller vurderer ei framtidig jobb i kyrkja
• Kan vise til referansar utanfor eigen familie og vener

Arbeidsoppgåver kan vere:
• Planlegging og gjennomføring av diakonale tiltak
• Deltaking i og støtte til gudstenesteliv
• Enkle administrative oppgåver
• Å lage og gjennomføre opplegg for ungdom

Vi tilbyr:
• Erfaring og innsikt i korleis det er å jobbe i kyrkja
• Godtgjersle etter KA-tariff, vert utbetalt som honorar etter endt arbeidsperiode
• Erfaring du kan føre opp på CV-en

Anna:

  • Den som vert tilsett må kunne framvise tilfredsstillande vandelsattest, jfr. trossamfunnsloven §20, jfr. politiregisterloven §39.
  • Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja.
  • Skriv ein kortfatta søknad der du presenterer deg sjølv og kva motivasjonen din er for å søkje stillinga. Legg ved ein CV som syner kva du har gjort tidlegare. Søknadsfrist: søndag 25. mai 2025.

Søknad og eventuelle spørsmål kan sendast til:
gr693@kirken.no (Gina Marie) og rm263@kirken.no (Roar)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"