Fleire tusen vert drepne kvart år, og fleire tusen kyrkjer og tilhaldsstader for kristne vert angripne kvart år.
Det er organisasjonen Åpne Dører som melder dette.
I Vaksdal står kyrkjene og bedehusa saman om ei markering av dagen i Dale bedehus søndag kveld.
Der vert det orientert om korleis mange vert forfylgde, og gjeve høve til å støtte dei som lid under forfylging med bøn og kollekt.
