Sokneprest Morten Torsvik innleia gudstenesta med å snakke om at hausten og hausttakkefest symboliserer takksemd for alt Gud gir oss, men også eit vemod over at noko er over. Eit år som går mot slutten, at det vi ikkje har hausta inn vil gå tapt.
Gudstenesta og kyrkjekaffien denne dagen var prega av stor takksemd og glede, og også litt vemod. Barne- og tweenskoret i Landro bidro med inderleg, vakker og engasjerande song som løfta stemninga.

Dette var Kari Bruke-Romarheim si siste gudsteneste som kyrkjelydspedagog i Landro, og både under gudstenesta og på kyrkjemiddagen etterpå vart ho takka av for den tenesta ho har gjort i Landro. Mange gode ord og klemmar vart delte, og kantor Eline med barne- og tweenskoret hadde laga song til ho. Soknerådsleiar Tove Karin Angeltveit takka Kari på vegne av soknet og soknerådet. Tårene kom også fram denne dagen, tårer for alt ein har delt og betydd for kvarandre.

Under kyrkjemiddagen leia Rannveig Vik ein amerikansk auksjon der markens grøde som vart tatt med til kyrkja denne dagen vart auksjonert bort. Ein fiffig detalj: Amerikanske Kari påpeika at ho ikkje kjente til denne type auksjonering frå USA.
