Hjarterom – ein møteplass for livsnære samtalar

Ein travel kvardag treng me alle ein stad å senka skuldrene. Ein stad der det er rom for både alvor og latter. Hjarterom er akkurat det. Ein varm møteplass der me samlast til livsnære samtalar, kaffi, te, vaflar og gode møte mellom menneske.

Publisert:

Diakoniarbeidar Renate Olsen Seim saman med Harald Fylling på Hjarterom
Diakoniarbeidar Renate Olsen Seim saman med Harald Fylling på Hjarterom

Sist onsdag den 22. oktober hadde me hjarterom for aller første gong. Me var til saman 14 menneske og denne gongen fekk me høyra litt om ein frå kyrkjelyden si livshistorie. Det var så kjekt å få lov å bli litt meir kjent.

Etter at me hadde kost oss med både drikke, vaflar og livsnære samtale, så gjekk dei som ønskte det  inn i kyrkjerommet og hadde ein tidebønn.

På Hjarterom er det ingen krav eller forventningar. Berre eit ønske om å bli litt betre kjent med kvarandre, dela liv, tankar og erfaringar. Kanskje finn du ein ny vennskap, eller berre ein god prat over ein kopp kaffi eller te.

Om du ønskjer å bli med i teamet som arbeider med Hjarterom, så gjerne ta kontakt med diakoniarbeidar Renate Olsen Seim på telefon 93036160. Me treng fleire på laget!

Datoar hausten 2025:

  • 5. november
  • 19. november
  • 3. desember

Vi møtest desse dagane, og held fram med nye datoar etter jul! 

Alle er hjarteleg velkomne, anten du kjem åleine eller saman med nokon.

Velkommen til Hjarterom – ein stad med plass til deg!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"