Sonen til Tabetha og Stuart, Mo, fylte 15 no i sommar, og familien frå Bristol ville gjere noe ekstra ut av ferieturen. Ideen om å besøke ein stad med det same namnet som sonen dukka opp. Dei søkte på Mo Church på Internett, og jammen, der fekk dei to treff. Dei valde Modalen. Og utan å vite noe særleg meir om staden, booka dei overnatting for ei knapp veke.
Tidleg i august kom dei til Noreg, leigde bil og køyrde frå austlandet over til vestlandet via Voss, Nesheimsfjellet, Eksingedalen til Mo. Då ho dei budde hos høyrde historia bak besøket, ordna det seg med besøk inne i kyrkja. Dei syntest ho var vakker og veldig annleis enn dei engelske kyrkjene. Heime i England er kyrkjene større og i stein kunne dei fortelle. Særleg syntest dei fargane og det trekvite panelet inne i kyrkja var vakkert.
Dei hadde ei flott ferieveke i Modalen der dei padla på fjorden, gjekk fleire fjellturer, spelte bowling og hadde stor glede av utsikta til fjell og fjord.
Av Liv-Anne Aanesen