Tårnagentar
Tårnagentar finst over heile landet og er nokon som utforskar kyrkja frå alle kantar. Kyrkja i Lærdal inviterer 7- og 8-åringar i Lærdal til å vere med på tårnagentsamling og tårnagentgudstenste. Vil du vere med å løyse oppdrag og mysteriar i kyrkjerommet og klatre opp i støpulen på Borgund eller i klokketårnet i Hauge kyrkje? Leite etter symbol og kyrkjeskattar då kan du bli med på tårnagentsøndag. Alle tårnagentane får med seg eit agentbevis.
