Informasjon om vigsel

Bryllaup i kyrkja
Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elska og æra kvarandre, og å halda saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje aleine. Løfta blir gitt med vitne til stades og framfor Gud.
Dersom du ynskjer å gifta deg i ei av kyrkjene våre, kan du kontakta kyrkjekontoret på e-post: it645@kyrkja.no
Sjå elles kontaktar til prest og organistar under.
Datoar det er stengt for vigsel i sommarmånadane 2026:
11. og 25. juli
I tillegg kjem Palmelaurdag 28. mars, påskeafta 4. april, konfirmasjonsdagane 2. og 9. mai, og pinseafta 23. mai.
De må gjerne velja vekedagar!
De kan då ta kontakt med ein av prestane våre for å avtala tid og stad.
Informasjon om vigsel i Kvam finn du her;