Kyrkjekino er eit arrangement for 7. trinn i kyrkjene i Kvam. I Ålvik og Strandebarm blir fleire årskull slått saman, alt etter kor store kulla er.
Vi ser ein kjent eventyrfilm der tema som mot, offer og håp står sentralt.
Bibelen og filmen har mykje til felles, noko me skal få oppleva gjennom ulike aktivitetar etter filmen. Det blir snop til filmen (borna treng ikkje ha med snop sjølv) og kveldsmat i pausen.
Filmen har 11-års aldersgrense.
Våren 2026:
Norheimsund kyrkje for 7. trinn: fredag 6. mars kl. 17.00 - 21.30
Ålvik kyrkje for 5. - 8. trinn: søndag 26. april kl. 15.00 - 19.00
Øystese kyrkje for 7. trinn: fredag 17. april kl. 18.00 - 22.00
Om datoen i di eiga kyrkje ikkje passar, kan du melde deg på til ei av dei andre kyrkjene.
Alle som er døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje - i rett alder er hjarteleg velkomne.
Prøveprosjekt i Ålvik i 2026: 5.-8. klassingane kan ta med foreldre/føresette og søsken, om dei vil. Nedre aldersgrense med følgje: 9 år. Noter antall deltakarar i kommentarfeltet i påmeldinga dersom fleire vil koma.
Me ynskjer ikkje at borna skal bruke mobiltelefon under filmen, dei blir samla inn når borna kjem. Borna kan låne telefon i kyrkja om dei treng å ringe heim.
Spørsmål? Ta kontakt med Solveig (kyrkjelydspedagog) på tlf. 930 21 676
OBS! Hugs påmeldingsfrist tysdagen før arrangementet!
Gløymd å melde deg på innan fristen? Ta kontakt direkte med Solveig (93021676). Me kan ikkje garantera tilrettelegging for særskilde ynskje/behov etter at fristen har gått ut.
