LYSKONSERT OG FLAUMLYSTE KYRKJER
Den 14. november klokka 19.00 vert det LYSkonsert i Norheimsund kyrkje. Bakgrunnen er at soknerådet i Vikøy ynskjer å bidra til at kyrkjene kan halde fram med å vere synlege i mørkre. Fordi økonomien i Fellesrådet har vore vanskeleg, har flaumlysa tidvis vore sløkte. Det kom det mange reaksjonar på. Det betyr mykje for mange å sjå kyrkjene opplyste og synlege i mørketida. Me startar derfor ein innsamlingsaksjon for å skifte til led-lampar og på den måten redusere kostnadane vesentleg. Det er også meir miljøvenleg. Tilsaman treng me 80.000 for kyrkjene i Norheimsund og Vikøy.
Lyskonserten 14. november er ein del av dette. Her bidreg Laudamus, Heims musikklag og kantorane våre, Sevinj og Ulf. Etter konserten inviterer soknerådet til kafè med gode kaker i kyrkjelydssalen, så set av kvelden! Alle inntektene går rett til prosjektet. Me gler oss, og me blir svært takksame for alle som stiller opp!
Ein kan gi støtte på Vipps 86323 (vel gåve til nye LED-lys) og på kontonummeret til Vikøy sokneråd 3530 21 00649, merk gåva LED-lys. I tillegg opprettar me ein Spleis, om du heller ynskjer det. Me håpar mange vil vera med å bidra, og trur at saman får me det til!
Konserten vert støtta av Kvam folkeakademi og Kvam kraftverk. Arr. Vikøy Sokneråd