«Hvad est du dog skjøn» er opningslinja i den første av Grieg sine fire salmar. Desse stadfestande orda kan vi godt tygge litt på.
For bør vi ikkje, i sommarens unge dagar, stoppe opp og sjå oss rundt og finne gleda i det skjønne som omgjev oss? Dei lyse nettene, dei mange fargane, dei varme dagane og dei glade menneska. Bør vi ikkje søke skjønnheit i det som omgir oss, og verne om dei gode augeblikka?
Ei kjelde til skjønnheit er vakker musikk. På repertoaret for konserten står blant anna Griegs Fire salmer. Med oss for å framføre desse flotte songane har vi barytonsolist Filip Eshetu Steinland, som vi gler oss over å samarbeida med. Vi syng óg Rheinbergers messe i Ess-dur for dobbeltkor, og ei rekke norske perler som «Ved Rondane» og «Ned i vester soli glader».
Velkomen til konsert med Ensemble Dalí i Kirkelandet kirke søndag 15.juni kl 13.00.
Billettprisar:
Vaksen kr 300,- // Honnør kr 250,- // Student kr 100,- // Barn under 16 år og følgjeperson - gratis
Billettar kan kjøpast i døra eller via TicketCo.
Om koret:
Ensemble Dalí er eit prosjektbasert kammerkor på eit høgt nasjonalt og internasjonalt nivå, som samlar dyktige korsongarar frå heile Møre og Romsdal og Trøndelag fylke. Koret blir dirigert av Heide Müller.
Som ensemble eksisterer Dalí for å kunne servere flotte musikalske opplevingar på eit nivå som både repertoaret, utøvarar og publikum fortener.