Minnegudsteneste i alle kyrkjene i Gulen

I kyrkjene våre denne helga er det rom for både sorg og ettertanke. Dørene står opne ein time før gudstenesta tek til. Den som kjem tidleg, kan finne sin plass i stilla, lytte til roleg musikk, tenne eit lys – eller berre sitje.

Publisert:

Kvinne tenner lys. Hun står ute på en gravplass og holder lyset i hendene.

Når klokkene kallar inn, samlast vi til ei roleg og enkel gudsteneste. Det er ei stund med salmar, musikk og ord som får synke ned. Under gudstenesta blir namna lese opp – alle som har gått bort det siste året – og vi tenner lys. Etter gudstenesta får alle med seg eit sorglys som ein kan ta med heim.

Allehelgen handlar ikkje berre om sorg, men òg om håp – om at kjærleiken varer, sjølv når livet tek slutt.

Prest Håkon Kinsarvik leier gudstenestene, saman med organist Peter Tiborc Jobbagy. 

Mjømna:
Klokkar: Grete Lid
Kyrkjevertar: Bente Iren Haugen og Gunnlaug Oddny Birknes
Takkoffer: Kirken SOS

Kyrkjetenar: Ingolf Wegeland 

Brekke:
Klokkar: Olaug Evensen
Kyrkjevert: Johnny Leidvin Langvatn
Takkoffer: Misjonsprosjektet Mali

Kyrkjetenar: Randi Trædal

Gulen:
Klokkar: Odd Harald Per Eide
Kyrkjevert: Sigrunn Haveland
Takkoffer: Rådet for psykisk helse

Kyrkjetenar: Astrid Tveit 

Gudstenestene denne dagen

  • Mjømna kyrkje kl. 11.00

  • Brekke kyrkje kl. 16.00

  • Gulen kyrkje kl. 19.00

Salmar til Allehelgensgudstenesta

Inngangssalme:

818 Å, ver hjå meg, for no er kvelden nær

817 Fager kveldsol smiler

455 Fall til ro

678 Vi rekk våre hender fram

197 Deg være ære

Tekstane denne sundagen er: 

Salmene 139,1–18 Salmene 139,23–24

Første Korinter 15,51–58

Johannes 11,19–27

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"