"Håpskveld" med Odd Eidner

Torsdag 25. september kl. 19.30 er det ny temakveld i Fitjar kyrkje. Ein Håpskveld med Odd Eidner og Irene Simonsen. Temakveldgruppa skriv: «Vi treng håpet for ikkje å miste trua! Særleg i denne tida, som er prega av krig og uro, er det viktig å ha fokus på håpet. Vi kan halda ut mykje her i livet, så lenge vi greier å halda fast på håpet om at det skal bli betre.»

Publisert:

"Håpskveld" med Odd Eidner

Odd Eidner er prest og bur i Bodø. Han er ein ettertrakta foredragshaldar og har skrive sju bøker.
Eidner har sjølv opplevd å mista to barn, og han har òg vore gjennom ein periode der han miste trua si.

Med Odd Eidner får me ein foredragshaldar som både inspirerer til ettertanke og gjev mot – også i møtet med det vanskelege.

Irene Simonsen deltek med musikalske innslag.

🌟 Hjarteleg velkomne til Fitjar kyrkje! 🌟

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"