Då det var kyrkjelydsfest i Høle i november 2025, var visjonen sett opp som tema for foredraget den kvelden. Hans Høie frå Horve leirstad heldt foredraget.
- Han sa mellom anna dette om ordet tru: Ei bibelomsetjing i Afrika strevde med å finna eit godt ord for tru og landa på: «å kvile med heile si tyngd».
- For å illustrera det kristne håpet i ei verd med mange stemmer, fortalde han frå andre verdskrig: Midt mellom nazistisk propaganda greidde folk innimellom å finna fram radiofrekvensen til London og høyra kong Haakon si stemme. Denne stemma ga håp.
Høle kyrkje er ein stad der Guds ord blir fortald. I dette Ordet kan menneske kvile hos Gud med heile si tyngd. Og Ordet – som kan vera vanskeleg å høyra mellom alle andre stemmer – gir håp for liv og æve.
