Friluftsgudsteneste

På Kristi himmelfartsdag blir det igjen gudsteneste på Vårlivarden.

Friluftsgudsteneste

Vårlivarden er høgaste toppen mellom Lutsivassdraget og Høgsfjorden. Den er òg høgaste toppen mellom Hommersåk og Høle, og kortaste vegen mellom dei to bygdene. Men akkurat det er bare i luftlinje... når ein ikkje tar omsyn til høgdekurvene.

På torsdag 29.mai er det Kristi Himmelfartsdag. Og Kristi Himmelfartsdag er den dagen folk frå Høle og folk frå Riska møtest på midtvegen. Klokka 12 er det gudsteneste på toppen av Vårlivarden, så de må starte allereie frå morgonen.

Den kortaste vegen opp, er frå Myrland som ligg ovafor Horve. Det er òg den brattaste vegen. Folk frå Stavanger plar nok ta den vegen opp, dei og alle som vil ha ein rask tur.

Ein litt lenger tur er vegen frå Øvre Hetland. Folk frå Hommersåk plar nok ta vegen frå Øvre Hetland.

Nyare er stiane frå Bersagel, den ein frå Nodhagen, den andre frå krossen ned mot Bersagel kai. Desse er dei lengste stiane. Du går frå hav-nivå og heile vegen opp til toppen på 387 meter over havet.

Kanskje vil de forsøkja ein ny sti i år? Eller gå éin sti fram og ein annan tilbake?

På toppen venter Anne Lise Matre som er prest, og Hans Abrahamsen med trompet. Det blir ei kort gudsteneste med bibellesing frå det som skjedde den første Kristi Himmelfartsdagen, og songar som born og vaksne kan.

SÅ VELKOMMEN TIL VÅRLIVARDEN KRISTI HIMMELFARTSDAG KL 12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"