Julekonsert Hans Inge Fagervik med vener

Velkomen til julekonsert i Austrheim kyrkje søndag 30.november kl. 18.00

Publisert:

Julekonsert Hans Inge Fagervik med vener

For mange år siden starta Hans Inge Fagervik sin juleturne, og tok for seg stykke for stykke frå Kirkenes til Lista, men ofte på stader som ikkje andre artistar reiser. I år gjer han nokre få julekonsertar i sør og vest.

Med seg på turen har han, Rasmus Solem, Trygve Hellesen og Merete Haslund.

Rasmus Solem, frå Arendal, er ein fantastisk pianist og produsent, som har turnert med mange av våre største artistar. Trygve Hellesen, frå Sotra spelar saksofon, fløyter og gitar, og fargar Hans Inge sine songar på ein nydeleg måte.

I år har han også med kona si, Merete Haslund, som syng og korar, på fleire av utgjevnadene hans.

På konserten får me høyra mange av Hans Inge sine eigne julesongar, der hans gode tekstar tar oss med inn i mange sider av jula. Han markerer også sine 50 år ”på vegen” i år, noko som gjer han til ein av dei mest erfarne artistar i landet.

”Jeg har opplevd mange julekonserter, men Hans Inge Fagerviks konsert var noe annet. Her står tekster og innhold i sentrum, fra sangen hvor han på ”Prøysensk vis” flytter juleevangeliet til Svolvær, til sangen om de som ikke har det så greit i jula. Dette var min fineste julekonsertopplevelse!"

Roy Vega, Innherred avis

 

”Denne konserten berørte på en spesiell måte, og mitt ønske for jula, er at flere måtte få oppleve en sånn konsert. Både her på Hundorp og ellers i landet vårt.”

Menighetssekretæren på Vinstra

 

Billettar kr 325,- kan kjøpast i døra eller her:

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"