Alver kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling (100%) som fagarbeidar i driftsavdelinga, med fokus på gartnararbeid. Fellesrådet er gravplassmyndigheit i Alver, og utfører arbeidet gjennom driftsavdelinga.
Vi driftar 21 gravplassar, 14 kyrkjer og nokre andre bygg. Det er om lag 210 gravferder i året i kommunen.
Driftsavdelinga består av 6 tilsette. Avdelinga si primære oppgåve er gravferder og stell av gravplassane, men avdelinga skal òg ta vare på bygga og anna drift.
Frammøtestad er Lonsvegen 1 i Knarvik, men avdelinga har også andre lokale. Oppgåvene kan vere i heile kommunen.
Stillinga er i utgangspunktet ledig frå oktober.
Arbeidsoppgåver
Formålet med stillinga er å sikre sikre god og forsvarlig drift av gravplassen, og at gravplassen blir ein stad som gir god service til besøkande.
- Hovudansvar for å planlegga og utføre gartnararbeid
- Graving, praktisk tilrettelegging og oppfølging av gravleggingar og nedsetting av urner
- Vedlikehald av gravplassane
- Vedlikehald av maskinar og utstyr
- Medverka til at det er ro og orden på gravplassane
- Andre oppgåver som arbeidsgjevar bestemmer, til dømes snøbrøyting, klipping av gras og ringing med kyrkjeklokker.
- Kontakt med pårørande og besøkande på gravlassane, t.d ved nedsetting av urner.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak utandørs, og kan vera fysisk krevjande. Det vil bli gitt opplæring i bruk av utstyr.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med fagbrev som gartnar, men relevant erfaring kan kompensera for utdanning.
- Det er ønskeleg med erfaring i bruk av gravemaskin og anna tilhøyrande utstyr
- Det er ønskeleg med erfaring frå gravplass
- Sertifikat BE er nødvendig i arbeidet
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Må vere fleksibel, løysingsorientert og ansvarleg
- Må kunne ta stort ansvar for eigne oppgåver
- Må evne å sjå oppgåver og utføre dei sjølvstendig
- Må kunne samarbeide og jobbe i team
- Må bidra til godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- Løn etter tariff for fagarbeidar gravplass.
- Offentleg pensjonsordning gjennom KLP.