Fasteaksjonsgudsteneste 22. mars kl.11:00

Konfirmantane deltek, og det blir opplegg både i og utanfor kyrkja

Det er håp i ein dråpe vatn    / foto Kirkens Nødhjelp
Det er håp i ein dråpe vatn / foto Kirkens Nødhjelp

Vel møtt til Fasteaksjonsgudsteneste med konfirmantane

Kl.11:00 - 11:25

Samling i kyrkja med song, tenning av fastelys og andakt ved Bjørn Tore Sæle.

Kl.11:25 - 12:00

Ulike aktivitetar og sal som konfirmantane står for: Kaker, saft og kaffi m.m., vannaktivitetar og loddsal til ei trekning av forundringspakker.

Kl.12:05 - 12:40

Samling i kyrkja med song, bøn og trekning av gevinstar.

Til sist får vi vite kva konfirmantane har samla inn.

Betaling skjer via Spleis.no, sjå under. Alt som kjem inn, går til Kirkens Nødhjelp / Fasteaksjonen. 

Dette er ein dag for heile kyrkjelyden og alle aldrar, og konfirmantane sine familiar er ekstra velkomne.

Ottar Mæstad er med på tangentar, Ole Arthur Hanstveit og Bjørn Tore Sæle er liturgar saman med Ruben Sæle og Anne Marit Fosse Dahle, og Mounir Sarhan er kyrkjetenar. Solveig Westermoen er leiar for gudstenestelaget.

Konfirmantane har oppretta ein "Spleis" for kvar gruppe. Nederst finn du lenker til Spleis.no i tilfelle du vil støtte aksjonen allereie no.

Vel møtt!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"