Ei hannløve i villmarka i Afrika vert berre 8-10 år gamal (Wikipedia). Men Løva i Meland kyrkje har allereie blitt 20 år og er «godt vaksen». Likevel er ho framleis både sprek og morsom, så ho skapar glede for både barn, ungdom og andre godt vaksne.
- Vi synes det var ei skrekkeleg dyr investering å kjøpe Løva, fortel Kristin. Fem tusen kroner, det var mykje pengar i 2005. Men med så lang levetid og så mykje moro, har investeringa betalt seg godt. Det var litt symbolikk i at det var ei løve som vart maskot, men det var også viktig at kostymet kunne fungere til mange ulike personar. At ho er taus er også litt smart.
- Det er veldig kjekt å vere løve, og gleda hos barn og vaksne, humoren og den uformelle stemninga ho skaper gjer godt i kyrkja, fortel Kristin vidare. – Vi trudde barna ville like løva, men det viser seg at dei vaksne synes det er minst like gøy. Nokre av dei minste borna blir gjerne litt redde. Ho fortel om korleis ho sjølv kom til å skremme eigne barn som var 4 år og nedover, då ho første gongen prøvde kostymet heime hos seg sjølv. – Det var jo ikkje så lurt å ikkje førebu dei først…
-Det gode med Løva og Løvegjengen er at born har blitt meir synleg og høyrleg i kyrkja. Eg er verkeleg imponert over kor sporty prestane har gått i dialog med Løva. Det er jo ikkje berre lett å prate med ei taus løve, seier Kristin.
På spørsmål om framtida for Løva, seier ho at uansett om Løva må pensjonere seg og reise til Afrika for godt, så er det viktig at fokuset på barn i gudstenesta ikkje bli vekke.
(Artikkelen kjem i Kontakt nr 3, 2025)