Arbeid med Ulstein nye kyrkje

Tomteval 2015, arkitektkonkurranse 2016, skisseprosjekt 2017 og kalkyle

Publisert:

Illustrasjon frå skisseprosjektet - arkitektkontor Snøhetta
Illustrasjon frå skisseprosjektet - arkitektkontor Snøhetta

Etter at Ulstein kommune i 2015 har vedtatt plassering av Ulstein kyrkje ved sida av eksisterande kyrkje blei det holdt aktitektkonkuranse. 4 av 35 arkitektkontor som søkte fekk tilslag til å vere med i konkurransen om å levere eit skisseutkast for Ulstein nye kyrkje i 2016. Det blei brukt kommunale investeringsmidlar til å gjennomføre konkurransen. Sjølve konkurransen var anonymisert, dvs. det er ingen i juryen visste kven av dei 4 arkitektkontor hadde levert dei ulike bidrag. Juryen vurderte dei fire bidrag etter kor godt dei fire utkast svarte på spesifikasjonskrav, funksjonalitet og estetikk. Etter at juryen hadde vald ut det beste utkastet blei det gjort kjent for juryen at det var arkitektkontoret Snøhetta som har levert vinnarutkastet.

Ulstein sokn fekk yttarlegare kommunale investeringsmidlar til å bestille ei meir detaljert skisseprosjekt og kostnadskalkyle for vinnarutkastet Med grunnlag på priser i 2017 blei kostnadene berekna til 103 millionar norske kroner (utan mva). Det blei også gjennomført ei detaljregulering med grunnlag i skisseprosjektet, avslutta i 2020, også dette med kommunale investeringsmdlar. I 2017 fekk prosjektet også løyvd 3 millionar norske kroner frå Miljødirektoratet for dei klimavenlege løysingane i prosjektet. Midlane har dessverre falle bort fordi Ulstein nye kyrkje ikkje har blitt bygd innan fristen.

Ulstein kommunestyre har handsama planane om Ulstein nye kyrkje ved fleire høve og gitt soknet fleire oppdrag i prosessen vidare med planane. Med utgangspunkt i dette har det vore to runder med grundig gjennomgang og tilpassing av prosjektet. Både Snøhetta, Sporstøl arkitektar og Conplan AS har vore involvert i ein omprosjektering i 2020. Det omprosjekterte skisseprosjekt blei kostnadsberekna til kr. 89,5 millionar norske kroner basert på prisnivå frå 2017. Dette er ei innsparing på 13,5 millionar norske eller 13,1 % av opphaveleg prosjekt.

Soknet sitt utval for nytt kyrkjebygg

Frå dei første ideane til utviding / nytt kyrkjebygg fram til den ferdige omprosjekteringsarbeidet har eit utval frå soknerådet med Harald Nordal i spissen sørga for framdrift. Dette har vore eit intenst og utruleg verdifullt arbeid for å holde stø kurs mot ei ny kyrkje. Og Harald Nordal fortener ein stor takk for alt det frivillige hjarteengasjementet han har lagt inn i dette.

Dei seinare år har soknerådet sitt engasjementet vore retta mest mot kommuneadministrasjonen og det politiske miljø for å plassere bygging av Ulstein nye kyrkje i kommunen sin langtidsplan for investeringar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"